Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Høgemo, Håkon

hakon_hogemo

Hardingfelespelar født 1965 i Øvre Årdal, busett på Osterøy

Håkon Høgemo er ein av Noregs mest nytta spelemenn, som har vore frilans musikar sidan 1993. Han spelar tradisjonsmusikk frå områda Sogn, Voss, Hardanger og Valdres som solospelemann, og spelar i gruppene Bufaste tonar (1994), Slåttetrioen (1995), UTLA (1992) og Gamaltnymalt (2001). Han utarbeidar også solokonsertprosjektet Dei grovaste spelemennene, saman med Synnøve S. Bjørset og Frank Rolland, og har intimkonserten Poesiprogram med Ragnar Hovland, saman med Karl Seglem og Ragnar Hovland.

Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder har vore mange, og Lars Skjervheim frå Voss er den mest sentrale. Han er kvalifisert for eliteklassa i hardingfele, klasse A, på Landskappleiken, og har vunne denne to gonger. Håkon Høgemo fekk spellemannpris for plata Solo (2000). Han har vore timelærar på Norges Musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Griegakademiet, og er lærar ved Osterøy kommunale musikkskule. Høgemo heldt saman med Karl Seglem Band showcasekonsert under verdsmusikkmessa Womex i Sevilla i 2006, og har spelt konsertar over heile verda.
 

Diskografi

Å fela ho let (Spelarhaugen folkemusikk, 1988)
Mellom vener (Spelarhaugen folkemusikk, 1988)
UTLA (NORCD, 1992)
Juv (NORCD, 1993)
Bufaste tonar, med Judith Vestreim og Tom Karlsrud (Lærdal Musikkprodukson, 1994)
Brodd (NORCD, 1995)
Dans (NORCD, 1999)
Solo (NORCD, 2000)
Marylands (Heilo/Grappa, 2001)
Song (NORCD, 2003)
Gamaltnymalt (NORCD, 2005)
 
Medverkande
Femstein, med Karl Seglem (NORCD, 2004)
URBS (NORCD, 2006)
 
 

Prisar


Nominert til spelemannprisen 1992 for plata UTLA
Spelemannprisen 2000 for plata Solo
Spelemannprisen 2005 for plata Gamaltnymalt

 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk