Sundag 11. september blir det utstillingsopning med akvarellar av Lars Petter Røsberg i storsalen ved Hardanger Folkemuseum. Fylkeskultursjef i Hordaland, Anna Elisa Tryti står for opninga av salsutstillingaklokka 13.30, medan felespelar Frank Henrik Rolland for musikken.
Seinare på dagen er det klart for ”Då klokka klang!”, der Reidun Horvei inviterer til ein skuletime frå gamal tid. Det blir óg aktivitetar ute og inne, med m.a. skattejakt, eldhuspizza og dropskoking. I tillegg blir det fokus på eldre dekorasjons- og handverksteknikkar, og demonstrasjon av steinarbeid, hellekløyving og vøling av vindauge. I tillgg får gjestane smake nysteikte potetkaker, eplesmoltringar og melkekaker, medan husflidslaget har aktivitetar for born.
Men Hardanger Folkemuseum gjev seg ikkje med det: Denne hausten startar ein konsertserie der museet inviterar dei fremste utøvarane på hardingfele til å halda solokonsert.
Alt neste fredag, 9. september, er det duka for solokonsert og pubkveld med Per Anders Buen Garnås. Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala,l der dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det blir sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.
Det blir óg arrangement på laurdagen, då Utne Grannalag arrangerer gamaldans med gruppa "Polka med støyt".Her medverkar Øystein Velure og Siri Dyvik på hardingfele saman med Magne Velure på piano. Trioen har m.a. spelt til dans på Landskappleikane på Geilo og Voss, på Vestlandskappleiken og på Hilme-stemna på Fagernes. I april i år spelte dei til dans på folkemusikkafeen i Odda.
Gruppa legg opp til at det skal verta ein god, gamaldags dansefest på Utne den 10. september, ”der somme vil møta nostalgiske ungdomsminne, og andre vil oppdaga kor mykje bra gamaldansmusikk det finst i fjordaspelet”.
Interesserte finn heimesidene til Hardanger Folkemuseum på denne lenka. Heile programmet for hausten kan du studere nærare på denne sida.