Det var fin auke i billettsalet i høve til i fjor og 800 besøkande. Vergudane viste seg frå solsida, og temperaturane var ein fjellfestival verdig: ned mot null midt på natta. Dette forhindra likevel ikkje at fleire tok seg ein dukkert i Ståvatn, der isflaka dreiv og snofennene spegla seg.
Viktigaste hendinga utanom det musikalske var utan tvil dei to samlingane torsdag og fredag i samband med omorganisering av festivalen. Torsdag var representantar for kommunar frå tre ulike fylke samla for å utveksle erfaring og meisle ut eit mogleg framtidig kultursamarbeid på tvers. Her var kommunane Vinje, Tokke og Suldal med, samt ein representant frå eit folkemusikkprosjekt i regi av dei tre Setesdalskommunane Bykle, Valle og Bygland. Det mest konkrete som kom ut av dette møtet var at ein ynskjer å bruke Haukeliseterfestivalen som eit samlingspunkt og ein møteplass innafor kulturskulane, det kan vera i form av samlingar i høve til rekruttering, men òg innafor det administrative nivået. Fredag var det eit førebuande stiftingsmøte for Stiftinga Haukeliseterfestivalen, dette møtet var kan hende endå meir historisk enn dagen før. Her var òg folk frå tre fylke med; Hardanger, Suldal og Vinje, vidare vertskapet på Haukeliseter, Stavanger Turistforening, ein representant for Landslaget for Spelemenn og sjølvsagt leiinga i Haukeliseterfestivalen. Det endelege talet på stiftarar er enno ikkje heilt i boks, men dette skal vera på plass i løpet av august månad. Men stiftinga er eit faktum og samarbeidsånda og tanken om å bygge vidare på dette unike samarbeidet på tvers av regionar, fylke og kommunar fekk eit alvorleg lyft denne helga. Kunstnarisk fekk ein dette uttrykt i form av ein kvedarkonsert der unge kvedarar frå dei fire kommunane, Suldal, Ullensvang, Valle og Vinje møttest til dyst. Dette møtet viste på ein framifrå måte at den musikalske slektskapen mellom desse regionane er noko å bygge vidare på.
Bildetekst: Humørfylt kvedarmøte, f.v. Åshild Vetrhus (Suldal), Lajla Storli (Ullensvang), Kim André Rysstad (Valle) og Ingebjørg Harman Bratland (Vinje) (Foto: Kjell Bitustøyl)