I 1963 VAR DET EI teateroppsetjing som trekte folk. – og fela ho let var ei dramatisering om Jørn Hilme, skrive av forfattar og museumsstyrar Eiliv Odde Hauge, som var idemakar for dei fyrste stemna. I 1965 var det kåring av Valdres’ sterkaste mann. Andre halvdel av 1960-talet var stemnet i hovudsak ein ganske vanleg kappleik, med aukande oppslutning. I 1969 vart stemnet slege saman med det tradisjonelle olsokstemnet ved museet, og tidspunktet vart varig endra til helga nærast olsok. Frå 1974 tok ein i bruk dei gamle stovene til spel og dans.

UTOVER 1980-TALET gjekk det nedover med buskspelet og runddansen, men kappleiken heldt seg godt, og vart tidvis kalla ein «landskappleik i miniatyr». Slik heldt det fram til sist på 1990-talet, då det kom til ei krise. I 1997 var det ingen som ville ta på seg leiarvervet, og folk kvidde seg for å vera nemndsleiarar. Det vart stemne, men utan leiar.

Året etter kom vendepunktet. På Leira sette ein i gang ungdomskurset  «Strunkeveka», og hovudnemnda for Hilme-stemnet sette seg som målstejing å auke talet besøkjande. Frå 2001 har stemnet hatt årleg festivalstøtte frå Norsk Kulturråd, og frå same året vart Solveig Hårdnes tilsett som fast dagleg leiar.

DER FRÅ GJEKK DET berre oppover. I 2002 var det 18 konsertar og 5000 besøkande. I 2005 var budsjettet kome opp i over ein million, og det skrive under partnarskapsavtale med Oppland fylkeskommune. Reiselivet i Valdres og næringslivet på Fagernes viste også auka interesse. I 2006 kom Solefallskonserten oppe i stølsfjellet, på Jaslangen, folkemusikkpub og utekonsert i Fagernes, stølskonsertar og gamaldanskarusell på museet, og fleire nye kurstilbod. Stemnet vart som ein av seks festivalar plukka ut til å vera med i NRKs programserie «Festivalsommer». I 2007 var det i samarbeid med Strunkeveko aktivitetar kvar dag frå sundag til sundag. Publikumstalet kom opp i 9 000, og det var heile 50 arrangementspunkt. Omsetninga var på ca 1 750 000 kr.

Året etter kom det fram at organiseringa av stemnet ikkje hadde vore utvikla i takt med veksten. Det var for lite kontinuitet på styresida, men tilsvarande press på den daglege leiinga. Etter ein del diskusjon vart det vedteke å opprette eit Valdres folkemusikkarrangement AS som står for ansvarleg for stemnet frå 2009 av. Før var det Valdres folkemusikklag som var tilskipar, og dei to fyrste tiåra var det Valdres folkemuseum.

Jørn Hilme-stemnet har vore ein nyskapar også i kappleiksamanheng. På 1970-talet var «turklasse», i 1986 vart lagdansen innført, og året etterpå var det døming av spel og dans på same tid.

// Ingar Ranheim
(kortversjon av Hilme-historia - den lange står i tekstheftet til jubileumsdvd-en)