Hilmarprisen deles ut for fremme av interessa for folkemusikk. Det er Stiftinga Hilmar Alexandersen saman med Nord-Trøndelag fylkeskommune og Steinkjer kommune som er jury og utdelarar av prisen. Prisen som er eit pengebeløp og plakat, blir utdelt fredag 8. november, under den årlege Hilmarfestivalen i Steinkjer.
 
I tillegg til å vera utøvande spelemann, komponist og dansar, har Arne Sølvberg også hatt ei rekkje tillitsverv innan folkemusikk og folkedans. For folkemusikarar og -dansarar er Arne M. Sølvberg eit kjent namn. Han er heidersmedlem i FolkOrg og har motteke både spelemannspris og Kongens fortenestemedalje for sitt store og allsidige kulturarbeid.

Kort om Arne M. Sølvberg

Han er fødd i Stryn i 1950 og er ein av landets aller fremste og mest allsidige folkemusikarar og folkedansarar. Han er ein uvanleg dyktig utøvar på både vanleg fele og hardingfele  -  og også trefløyte/tussefløyte, og er ein av få som er A-klasse-spelemann både på hardingfele og vanleg fele. I 1989 vann han Landskappleiken på vanleg fele, og i 2004 vann han Landskappleiken i dans saman med kona Asbjørg.
 
Prisvinnaren er frilans folkemusikar og har vori tilsett som fylkesmusikar i heimfylket. I tillegg til flittig konsertering i Noreg, m.a. fleire konsertturnear for Rikskonsertane og mange oppdrag på Førde internasjonale folkemusikkfestival, har han hatt konsertoppdrag i store delar av Europa og i USA. Sølberg har gitt ut sju eigne plater og deltatt på mange fleire.
 
Juryen seier i si grunngjeving, at han er ein framifrå formidlar på kurs og forelesingar og har gjort ein stor innsats for å rekruttere barn og unge til folkemusikkmiljøet.
- Arne Sølvberg er ein flott og verdig vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris, konkluderar juryen i si grunngjeving.

Tidlegare mottakarar av prisen:

Susanne Lundeng (1991)
Knut Hamre (1992)
Leif Inge Skjølberg (1993)
Hans Brimi (1995)
Sven Nyhus(1997)
Petter Andreas Røstads kvartett(2003)
Geir Egil Larsen (2004)
Majorstuen (2005)
Annbjørg Lien (2006)
Knut Buen (2007)
Gunnar Stubseid (2008)
Martin Myhr (2009)
Kirsten Bråten Berg (2010)
Einar Olav Larsen (2011)
Sigrid Therese Moldestad (2012)

Folkemusikk.no ønskjer Arne M. Sølvberg hjarteleg til lukke med tildelinga!