Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane 2014 gjekk i år føre seg på Sandane. Fredag kveld vart det tevla i solospel gammaldansmusikk, open klasse, gruppespel gammaldans og dansetevling i reinlender og masurka. 

​ > Her er resultata frå fredag.

Laurdag vart det tevla i spel hardingfele/fele, dans hardingfele/fele, lagdans, vokal, lagspel og gruppespel. 

> Her er resultata frå laurdag 

Folkemusikkprisen til Elin Grytting

Elin Grytting vart under fylkeskappleiken på Sandane tildelt Folkemusikkprisen 2014 frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Her er eit utdrag frå grunngjevinga: 

”Elin Grytting i år har lang fartstid med arbeid for folkemusikken , dansen og songen i fylket, og er velkjend for sin innsats på dette feltet. Ho har samla inn, teikna ned på notar og gjort lydopptak av eldre kjelder. Dette er dag svært verdifullt materiale, sidan mange av kjeldene forlengst er borte. Mange har fått nytt godt av dette arbeidet sidan Elin villig lærer frå seg av sin kunnskap. Ho har vore leiar både i lokallag og i fylkeslaget. Dommargjerning er utført både på fylkeskappleik, vestlandskappleik og landskappleikar. 

Sogn og Fjordane Folkemusikklag ser på Elin Grytting som ein svært verdig mottakar av prisen og takkar for godt arbeid gjennom mange år.”

> Les heile grunngjevinga her

Fjelli UL vart ”Årets smørbukk”

Dansegruppa frå Fjelli UL vart kåra til "Årets smørbukk" då Smørbukk-kappleiken 2014 vart arrangert i samband med Fylkeskappleik på Sandane. Om lag 60 unge deltakarar frå heile fylket stilte opp med flotte innslag med song, dans og spel.

I tillegg til Årets Smørbukkk fekk songarane i "Krudlalaget" til ekstrapremie for stort repertoar og rekruttane frå Gaular spelemannslag fekk premie for å fint "kostyme" med solbriller.Sjølvsagt vanka det rikeleg med karameller til alle som deltok.

> Sjå bilete fra Smørbukk-kappleiken