Etter den fyrste tevlinga i super-D på onsdag ettermiddag, vert Landskappleiken i tradisjon tru offisielt opna med opningskonsert onsdag kveld.
Torsdag held det fram med fortjelarstund, og 100-års markering og minnekonsert for spelemann og slåtteinnsamlar Einar Galaaen. Konserten finn stad i Storstuggo på Røros torsdag kveld, og konserten blir leia av Bjørn Aksdal. På scena står mellom anna Anders Prytz, John Ole Morken, Jørgen Nyrønning, Mads Kuraas, Magne Eggen Haugom, Olav Mjelva, Mari Eggens kvintett, Nord-Østerdal symfoniorkester og Ålen Spellmannslag, for å heidre spelemannen.
I løpet av landskappleiken har du òg høve til å oppleve plateslepp med to platedebutantar. Lajla Renate Buer Storli og Jørgen Nyrønning slepp begge si fyrste soloutgjeving, og på Bergstaden hotell vert det slepp både torsdag og fredag. Ellers vert det bygdadans på kappleikshotellet frå og med torsdag kveld. Det vert også polskurs, familiedans og ikkje minst sjokoladekappleik.
Konsert i nyrestaurert kyrkje
Bergstadens Ziir er den storslåtte kyrkja på Røros og ”Ziir” står for pryd. Det var teolog og direktør ved Røros Kobberverk Peder Hiort (1716-1889), som tok initiativ og leia oppføringa av Røros’ nye kyrkje som vart innvia i 1784. No er den tradisjonsrike kyrkja restaurert, og fredagen under Landskappleiken vert det konsert med musikarar frå nærområdet.
Saman har Tor Espen Aspaas (klaver), Sven Nyhus (fele) og Olav L. Mjelva (fele/hardingfele) sett saman eit program med folkemusikk i mange variantar frå Grieg til nye komposisjonar av Sven Nyhus. Her møtes tradisjon og nyskaping, lokalt og nasjonalt, profesjonell og amatør.
I tillegg til Nyhus, Mjelva og Aspaas står Gro Kjelleberg Sollie, Åshild Breie Nyhus, Monica Andersson, Ålen Spelemannslag, Glåmos Spelemannslag, Bergstadkoret og spelemenn frå kulturskulen på Røros på scenen under denne konserten.
Sjå video frå førebuingane!
Me tok ein tur innom Noregs Musikkhøgskule der professor Sven Nyhus, spelemannen Olav Luksengård Mjelva og pianist Tor Espen Aspaas var i gang med førebuinga til konserten i Røros-kyrkja.
Her kan du høyre Nyhus og Mjelva spele «Direktørvalsen», og Tor Espen Aspaas framføre Ku-lokk fra opus 66. Av Edvard Grieg
Du kan tinge billettar til konsertane på: www.billettservice.no, eller kjøpe billettar på stevnekontoret under kappleiken og ved inngangen.
KULTURPROGRAMMET LANDSKAPPLEIKEN 2012
Onsdag
• Opningskonsert, kl. 20.00
Torsdag
• Forteljarstund, kl. 11.00 på Doktortjønna
• Plateslepp Laila Renate Buer Storli, kl. 21.30 på Bergstaden Hotell
• 100-års-markering for Einar Galaaen, kl. 20.00 i Storstuggu
• Bygdadans på Kappleikshotellet kl. 22.00 ->
Fredag
• Sjokoladekappleik, kl. 11.00 på Eldresenteret
• Konsert i Røros kirke/Bergstaden Ziir kl. 20.00
• Plateslepp Jørgen Nyrønning, kl 21.30 på Bergstaden Hotell
• Bygdadans på Kappleikshotellet kl. 22.00 –>
Lørdag
• Forteljarstund, kl. 11.00 på Doktortjønna
• Familiedans, kl. 12.00 - 13.00 på Eldresenteret
• Polskurs, kl. 14.00 - 17.00 på Eldresenteret
• Bygdadans på Kappleikshotellet kl. 22.00 –>