Kvart år deler interesseorganisasjonen for folkemusikk- og folkedans i Norge, FolkOrg, ut pris til eit spel- og danselag som har utmerka seg spesielt. I år går prisen til lag som har gjort eit spesielt godt arbeid for å skape gode arenaer for dansen i møte med folkemusikken.
Dei nominerte til prisen for årets lokallag i FolkOrg 2014 er Klæbu Torader – og danserlag, Jostedal Spel- og dansarlag og Ål spel- og dansarlag.
- Dei nominerte er ein gjeng eldsjeler som gjer og har gjort eit godt arbeid over lang tid. Med kurs og dansekveldar for danseglade i alle aldrar, har dei klart å formidle både dei kunstnarlege og sosiale eigeskapene som folkedansen har. Slik har dei skapt og opprettheldt interesse og entusiasme for folkedansen, seier Marit Vestrum som har ansvaret for lokallag i organisasjonen.
- Felles for alle dei nominerte er at dei har skapt åpne og inkluderande møteplassar for folkedansen, og slik bidratt til å ta vare på lokale folkedans- og folkemusikktradisjoner, avsluttar ho.
Prisen for Årets lokallag er på 10 000 kroner, og vil bli delt ut under FolkOrg sitt årsmøte som går av stabelen på Fagernes 25.–27. april. I løpet av dei neste vekene vil dei nominerte bli presentert på Folkemusikk.no.
Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:
- Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekrutteringsarbeid for folkemusikk og –dans (2012)
- Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner. (2013)