– Det er eit privilegium å kunne presentere leiande folke- og verdsmusikkartistar frå alle verdshjørne til publikummet vårt. For at dette skal vere mogleg også i framtida, må alle kulturar og nasjonar ta ansvar for sine eigne musikktradisjonar, og legge til rette for utvikling av dei, seier direktør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

I år vil festivalen understreke folkemusikken som eit globalt språk med identitet og røter.

– Ikkje minst her i vårt eige fylke har vi mange musikarar som tek dei lokale musikktradisjonane på alvor. Ei langsiktig satsing frå styresmakter og frivillig musikkliv gjer at mange av dei beste folkemusikarane i landet kjem frå fylket vårt, seier Bjørkum.

I år samlar festivalen fleire av folkemusikarane i fylket til konsertproduksjonen Sogn og Fjordane – Draumelaget. Saman på scena fredag 4. juli står mellom anna Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Karl Seglem, Sigmund Eikås, John Oddvar Kandal, Erlend Apneseth med fleire.

Gjensynsglede

Programmet for jubileumsfestivalen byr også på gjensyn med populære artistar frå tidlegare festivalar. Blant desse er fadostjerna Ana Moura frå Portugal og serbiske Divna med sitt vokalensemble. Gjensyn vert det også med gruppa JPP frå Finland, som stod på scena på den aller første festivalen i 1990. Jubileumsfeiringa toppar seg laurdag 5. juli, med ein gallakonsert som har fått tittelen «Gjensynsglede». 
 

Kong Nor - IngvilSkeieLjones_440
Silje Onstad Hålien og Torkjell Lunde Børsheim er med i framsyninga Kong Nor. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Markerer grunnlovsjubileet

I høve grunnlovsjubileet har Førdefestivalen, Riksscenen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt teke initiativ til ei storsatsing med nokre av dei beste folkemusikarane og -dansarane i Norge. 

Framsyninga Kong Nor trekkjer liner tilbake i historia og ser på Norge som sjølvstendig nasjon, og speglar også den skattekista musikk- og dansetradisjonane våre er. Leif Stinnerbom står for regien, Eldgrim Springgard har manus og koreografien er ved Sigurd Johan Heide.  Medverkande er mellom anna Anders Røine, Daniel Sandén-Warg, Unni Boksasp, Hæge Manheim, Øyvind Sandum, Silje O. Hålien, Torkjell Lunde Børsheim og Jon Anders Halvorsen. Gro Marie Svidal er produsent.  Etter urpremiere på Riksscenen i mai, vert Kong Nor vist på Førdefestivalen og i store deler av landet.  

I året då Norge feirar grunnlova, vil festivalen også å løfte fram det fleirkulturellet samfunnet og verdien dette har. Søndag 6. juli vert det ein storslagen Fargefest, med over åtti aktørar på scena. 
 

BURundi drummers_promo_440
Burundi Drummers kjem til Førde for første gong.

Til Førde for første gang

I løpet av fem julidagane kjem det óg artistar som aldri tidlegare har vore presentert på Førdefestivalen. Festivalen er stolt over endeleg å få gruppa Burundi Drummers til Førde.

 - Desse pionerane i verdsmusikken har turnert sidan 60-talet. Heime i Burundi er musikken deira heilag og gjerne knytt til dei kongelege eller til åndelege ritual. Det vert sagt at ingen går upåverka frå ein konsert med Burundi Drummers, og for at alle skal få sjansen til å oppleve dei, inviterer festivalen til stor gratiskonsert på Torgscena laurdag 5. Juli, skriv festivalen i ei pressemelding. 

Til sumaren spelar også Hekla Stålstrenga for fyrste gang på Førdefestivalen. 

Fleire festivaldagar

I år startar Førdefestivalen allereie onsdag i festivalveka, og hovudarrangementet her blir  den store tangoframsyninga, Tango Azul.

Elles kjem duoen Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum, felespelar Astrid Sulheim og forteljar Ola Grøsland, meisterspelemennene Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes, gruppa Storm Weather Shanty Choir og vinnaren av Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Vêromslaget spelar til dans. Og det vert alt frå folkemusikk frå Valdres og Trøndelag til verk av både Bach, Ole Bull når dei to søskenpara Gjermund og Einar Olav Larsen og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing står på scena under festivalen. 

Førdefestivalen slepper heile festivalprogrammet torsdag 3. april. 2.- 6. juli 2014 vert festivalen arrangert for 25. gong.

> Førdefestivalen sine heimesider