Av Ivar Schjølberg
Gratulerer.
Eg har atter ein gong lese Folkemusikkbladet, og har hatt både ei koseleg og interessant
stund. Eg ser at det no er 25 år sidan bladet kom ut første gongen, og det er vel verdt å markere.
Dagfinn Nupen har hatt ei stø hand på roret heile tida, og berre det er ein prestasjon å ta av seg hatten for. Eg var på min første Landskappleik i Vågå i 1964. Der var det ein kar som kom inn att og inn att på scena, gong på gong, og eit nytt instrument var det kvar gong.
Det var mitt første møte med Dagfinn. Sidan har det vorte mange møte. Eg hugsar spesielt Dagfinn under opninga av Ole Bull-konserten på Geilo i 1986. Det var lurblåsing med festivitas og mynde. Elles merkar eg meg stadig Dagfinn som ein forkjempar for å få meir merksemd rundt musikken og dansen frå Nord-Vestlandet. Dette er eg einig i. Det må ikkje vera slik at nokre tradisjonar skal vera meir verd enn andre.
Eg har opp gjennom åra vorte kjend med mange flotte utøvarar frå Møre og Romsdal. I så måte står John Røen fremst. Han var både ein god utøvar og ein kjernekar. Vi budde ei lang tid i kvar vår ende av ein vertikaldelt bustad i Vågåmo. Vi spelte ein del saman, og vi lærte slåttar av kvarandre gjennom ein dårleg isolert vegg.
Eg kvir meg for å nemne fleire, for det blir fort at ein gløymer nokon. Men eg har vore heldig som har vorte kjent med så mange fine folk også på denne kanten av landet. Ei helsing til dykk alle!
Eg deltok på Landskappleiken i Molde i 1966, som Leidulv Stokkeland nemner. Seinare var eg eit par gonger på stemne i Surnadalen på 1970-talet; distriktskappleik og Hallvard Ørsal-stemne.
Eg var og så heldig å få vera med på ei øving i Rauma spelmannslag på 60-talet medan Ole Wenge var i sine velmaktsdagar. Det var i samband med ein skuletur frå Vågå til Åndalsnes.
I 1976 var det Distriktskappleik på Vinstra i Gudbrandsdalen. Da fekk eg helsa på skaparen av Vangsgutane, Leif Halse, som var ein utruleg god spelmann.
Når eg no har brote mine prinsipp, må eg også nemne Leiv Lægreid og Brita Hunskaar, som eg hadde glede av å samarbeide med da eg var i styret for Landslaget for Spelemenn. Og som representant for den skikkeleg gamle garde må eg ta med Ingvar Hestnes, som sendte meg ein kassett med musikk og helsingar.
På slutten av 90-talet var eg sjølvsagt på Landsfestivalen i Ålesund. Eg hugsar også godt at Romsdal spelmannslag vann Landskappleiken i lagspel på Røros i 1970.
Kvifor eg nemner alt dette? Fordi det er hendingar knytt opp mot menneske som har gjort livet mitt rikare. Og det er det som er kjernen i folkemusikken med dans og seremoniar. Tradisjonar heidrar våre forfedrar og formødrer, men gjer oss også tryggare på å stake ut vegen framover. Folkemusikkbladet er ein god medhjelpar. Gratulerer!
- Ivar Schjølberg