Arrangementet startar fredag kveld med konsert med to landskappleikvinnarar, nemleg Jan Beitohaugen Granli frå Valdres, som har vunne Landskappleiken heile 5 gonger og Fanitulltevlinga. Olav Luksengård Mjelva frå Røros og Hallingdal har vunne Landskappleiken 1 gong førebels, men også Fanitulltevlinga og Nordisk Mesterskap. Jan har gjeve ut 2 soloplater, og vore med på fleire produksjonar – m.a. Lått og leven og Isfolket. Olav fekk Spellemannsprisen for si soloplate og også for Keramello med Unni Boksasp ensemble. Dei har med seg dansarar, slik at me får oppleva både spel og dans i deires tradisjonar. Det mange kanskje ikkje veit er at Jan Beitohaugen Granli også er ein god dansar. Han tek med seg ei ekstra speledame, Laura Ellestad frå Canada som har lært seg Valdresspel, slik at han dansar sjølv med Gina Ingeborg Hagen, også ho tidlegare landskappleikvinnar i dans. Olav Luksengård Mjelva tek med seg dei unge dansarane Lars Fivelstad Smaaberg og Karianne Jorde Holestøl.

Det gjeng rykte om at desse trekker med seg fleire frå sine distrikt, og det kan gjera at det blir brei deltaking på kappleiken på laurdagen – det kan bli moro for publikum å sjå og høyre spel, dans og kveding frå fleire område enn Telemark. Men telemarkingane stiller nok trufast opp likevel, vonar me, og her kan bli knivskarp konkurranse! Domarar er Einar Øverland, Øystein Romtveit, Alf Tveit, Sigbjørn Rua, Ole Arnfinn Hagen og Signe Årdalen Tveiti.

Båe kveldane blir det dans i Gamlesalen, og laurdag blir det i tillegg omspel og premieutdeling. Me ser fram til ein heidundrande folkemusikkhelg på Granvin kulturhus i Seljord, der det heile føregjeng. Seljord spelemannslag og Seljord og Kvitseid leikarring er arrangørar.

Påmelding til kappleiken finn du her