Knut Hamre

Konsert i Kinsarvik kyrkje, 28. september kl. 19.00

Knut Hamre, Aurora Aarhus Opheim, Eirin Tjoflot og Inger Elisabeth Aarvik ynskjer vel møtt til konsert der hardingfele og orgel står på programmet. Knut Hamre er ein av våre fremste utøvarar på hardingfele. Sidan 1975 har han delteke på festivalar og konsertar over heile verda. Han har vunne landskappleiken, hardingfele klasse A, seks gonger, og han har blant anna motteke Edvard Grieg prisen og spelemannsprisen. Aurora Aarhus Opheim og Eirin Tjoflot er to av elevane til Knut. Dei har spelt sidan dei var åtte og ti år gamle og har etterkvart hatt mange oppdrag. Saman med kantor i bygda, Inger Elisabeth Aarvik, har dei sett saman eit program med lokal folkemusikk. Her vert solospel og samspel, og ein del av arrangementa er ganske nye.

Meir informasjon finn du her

Kringslått

Konsert med Kringslått i Balestrand, 28. september kl. 19.00

Folkemusikkduoen Kringslått (John Oddvar Kandal, fele og Helene Myklemyr, trekkspel) held konsert på Fjordtun skule i Balestrand fredag 28. september kl 19.00 Dette er eit ledd i turneen deira i regi av Folkeakademiet. Dei skal også besøkje kommunane Askvoll,Bremanger, Førde og Luster i løpet av oktober.

Repertoaret femner om både slåttespel og runddansmusikk, folketonar og salmar i eige arrangement.

Meir informasjon finn du her

Foto: Dag Jenssen.

Danseforestillinga Signatur med Grendlands dansekompani på Teater Ibsen i Skien, fredag 28. september kl. 19.00 og laurdag 29. september kl. 18.00

Samtidsdansen sitt irrasjonelle og abstrakte vesen møter folkedansen sin rikdom og stoltheit. Dansen sitt språk og intensjon møtes i ein magisk konfrontasjon og eining, med sine ulike tradisjonar og føresetnadar. Dansarane fokuserar på dansen sin språkdrakt, og vil både trekkje fram dei grunnleggande ulikskapane i samtidsdansen og folkedansen, og samstundes peike på dei forsonande likskapane. To verder av rørsler, visjonar og musikk møtes i eit samspel basert på det enkle, reine, og ser på korleis grensene flyttes og dei to identitetane farges av kvarandre. SIGNATUR er ein hyllest til dansen si historie i Telemark, til menneskjers liv som har båret denne historia og til framtida for dans i Telemark.

Folkedansar Simon Hesselberg Løvald og folkemusikar Britt Pernille Frøholm er to av artistane du møter i førestillinga, som visas på Teater Ibsen i Skien, fredag 28. september og laurdag 29. september.

Meir informasjon finn du her

Blått gådn

Konsert med Blått gådn + Pub og quiz på Hardanger folkemuseum 28. september kl. 19.30

Hardanger folkemuseum opnar konserthausten med valdresgruppa Blått gådn fredag 28. september. Etter konserten vert det pubkveld og quiz. Blått Gådn er ein trio beståande av Ingvild Lie, Lars Skattebu og Harald Høyvik. Med fleirstemmig song, langeleik, gitar, mandolin og indisk harmonium har gruppa Blått Gådn funne sitt særpreg. Musikken dei spelar har mange ulike referansar, men folkemusikk frå Valdres står sterkt i alle arrangementa. Låtane er ei god blanding av eige materiale og tradisjonelle songar frå Valdres.

Meir informasjon finn du her

JPP

JPP, 30 år, grunnen til den finske sounden! – Riksscenen i Oslo, fredag 28. september kl. 20.00

JPP gjeve ut ni album, halde konsertar verda rundt og inspirert ein heil generasjon folkemusikarar i inn- og utland. Medlemmane i JPP spelar musikk med røter attende til 1800-tale, men både spelar og vert inspirert av musikk frå andre sjangerar. Element frå jazz, samtidsmusikk og klassisk musikk snik seg inni komposisjonane og kombinasjonen av heile smeltedigelen vert JPP sitt heilt særeigne sound. Fredag 28. september speler dei på Riksscenen i Oslo. Vel møtt til 30-års jubileet til eit av Nordens aller største folkemusikkband!

Meir informasjon finn du her

Sjokoladehelg i Tresfjord

Sjokoladehelg i Tresfjord, med kurs og kappleik, 29. - 30. september

Dette er helga å merke seg for born og unge som ønskjer å lære meir om den unike musikkarven vår – folkemusikk og dans! Om du er under 18 år og enten er heilt nybegynnar eller har meir erfaring har sjokoladehelga spanande tilbod til deg. Det blir kurs laurdag og kappleik sundag. Gratis deltaking!
 
Fana trekkspillklubb

Spelemannsfest i Fosshalla i Naustdal, 29. september kl. 20.00

Naustedalen Spelemannslag opnar haustsesongen med spelemannsfest i Fosshalla laurdag 29. september. Her blir trekkspelet sett i høgsetet med Fana Trekkspelklubb frå Bergenskanten som hovudgjestar. Festen startar med dansespel av Naustedalen Spelemannslag. Etter det vert det konsert med Toradergruppa i Naustedalen Spelemannslag, Førde Trekkspelklubb, Jøran Vallestad og Fana Trekkspelklubb. Når den er ferdig blir det dans med Fana Trekkspelklubb. Dette blir nok ein flott fest og dei som vil svinge seg i dansen må nok vere budde på like mykje tango og sving som gammaldans.

Meir informasjon finn du her

Østerdølenes spellmannslag

Dansekveld med minikurs i Finnskogspols, Stordans og søndagsdans til Østerdølenes spellmannslag, 30. september i Nordahl Bruuns gate i Oslo

Minikurs i Polsdans frå Finnskogen fra kl. 18.00 – 19.30
Østerdølenes spellmannslag spelar kl. 19.30 – 22.45
Sal av kaffi/te og vaflar! Alle er velkomne!
Stordans (sangdans og store viser) i Halli fra kl. 19.30

Meir informasjon finn du her