Sidan 1987 har Voss kommune delt ut kulturpris til heider og stimulans for det lokale kulturlivet. Kulturprisen for 2010 er den 21. i rekkja, og er som føregåande år eit støypt metallarbeid designa av vossakunstnaren Leif Gjerme.
- Ved tildeling av kulturprisen 2010 har Voss Kommune valt å retta søkjelys på ein kunstnar som symboliserar tradisjonelle verdiar og som i nyare tid har gjeve grobotn for vekst og auka oppslutnad og fokus på folkemusikken og folkemusikken si rolle i kulturbygda Voss, heiter det.
I tillegg til å setja Vossabygda på kartet har Leif Rygg tatt formidlarrolla med seg ut - både rundt i landet og ut i verda.
- Leif Rygg har mange år bak seg som fylkesmusikar, samt verv i både Fylkeslaget i Hordaland og som æresmedlem i Landslaget for spelemenn sidan 1998. Han har vore ein naturleg og sjølvskreven leiar i arrangement innan folkemusikk og landskappleik i bygda vår, skrivg Voss Kommune i grunngjevinga for prisen.
Prisen vart delt ut på sundag. Han vart overrekt av Rigmor Skeie Petersen, leiar i miljø- og kulturutvalet.
– Leif Rygg har vore ein føregangsmann i å samla og formidla tradisjonar, og å utvikla desse vidare, sa ho. - Han har vunne Landskappleiken fem gonger, fått Spelemannsprisen saman med Knut Buene og Kåre Nordstoga, og gjeve ut fleire CDar med slåttar frå Voss og Hardanger.
Leif Rygg fylde 70 år denne våren, og har motteke heiderserklæringar frå mange hald. Han var i si tid med på å utvikle Ole Bull Akademiet, og har vore styremedlem i akademiet i over 20 år.
Han har sjølv hatt læremeistre som læremestere som Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og Anders Kjerland.