Det fullstendige programmet for Haukelifestivalen - som sjølv kallar seg Noregs einaste folkemusikkfestival over tregrensa - er no klart.
          
To shetlandske toppspelemenn busett i Noreg og ein norsk eminent gitarist busett i Finland utgjer gruppa Aamos. Kevin Henderson, Marc Laurenson og Viđar Skrede har alle gjesta festivalen før. Det same har skotske Sarah Jane Summers - ein erfaren skotsk felespelar som har flytt til Noreg og som òg satsar friskt på hardingfele. Ho har med seg gitaristen Juhani Silvola.

Aamos (Foto: Kjell Bitustøyl)Hardangerkveld og Tindra

Regionkonserten i år handlar om Hardanger, og ei rad av dei fremste utøvarane frå denne regionen blir med: felepelarane Frank Rolland, Siri Dyvik og Alexander Røynstrand, songarane Annlaug Børsheim, Lajla Renate Buer Storli og Berit Opheim Versto, dansarane Torkjell og Eli Børsheim og Hardanger Juniorspelemannslag. Med blir òg ein av våre fremste forfattarar Kjartan Fløgstad som er frå Sauda, men har mor si frå Røldal i Odda kommune.

Stein Versto (Foto: Kjell Bitustøyl)

Frå Suldal kjem folkesongar Åshild Vetrhus i spissen for den kritikarroste trioen Tindra og koret Gullgutane - 20 lystige mannfolk. Vinje er i år er representert med tre kjende og kjære hardingfelespelarar: Stein Versto, Lars Underdal og Ottar Kåsa. Spel blir det òg frå Setesdal: munnharpemeister Sigurd Brokke og den talentfulle unge  spelemannen Tor Hoslemo.

Haukeliseter spelemannslag

Haukeliseter spelemannslag, som er summen av dei artistane som til ein kvar tid gjestar festivalen, blir i år forsterka med strengespelar Jørgen Sandvik, mest kjent frå gruppa Real Ones, men òg for samarbeidet med Sigrid Moldestad. Den allsidige bassisten Marit Isungset frå Voss kjem òg.

Turnear

Festivalen har i år tre turnear "på gang" i førekant, desse utøvarane skal alle delta på Haukeliseterfestivalen, her finn me bl.a. kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord og felespelarane Sivert Holmen frå Valdres og Lars Ingar Meyer Fjeld frå Sandefjord. Raulandsstudentane er i år bl.a. representert ved gruppa Kvast.

Artiststev og Cidersmakekurs

Som i fjor vil Johan Vaa dikte stev til kvar artist, desse skal framførast av programleiarane Marie Tveiten og Lajla Renate Buer Storli.

Nytt av året er cidersmakekurs  med to ekspertar frå Hardanger Cideri, og vidare kurs i vokalmusikk med Berit Opheim Versto og munnharpekurs ved Sigurd Brokke.  Unge hardingfelespelarar frå regionen får tilbod om dagskurs laurdagen, med innlagt felemakarmøte med Ottar Kåsa. Eit nytt tilbod i år er òg yoga for musikarar ved Ingebjørg Kittelsaa Vesaas.

Fotokurs og pilgrimsvandring

Sundagen vil festivalen for fyrste gong arrangere ei vandring i pilgrimsleia til Dyrskar med ein liten minikonsert på høgste punktet. Og som ein ekstra bonus - Vinje fotoklubb vil vera til stades og ta foto frå festivalen - og det beste biletet skal premierast. DnbNor Åmot er sponsor for denne premien.

- Alt ligg med andre ord til rette for ei frisk pinsehelg på Haukeliseter med plass både for det innøvde og det spontane både på scene og dansegolv, avsluttar dagleg leiar Kjell Bitustøyl.

Haukelistampen (Foto: Knut Utler)

Heimesidene til Haukeliseterfestivalen finn du her. Her kan du også lese om overnatting, billettkjøp og anna praktisk informasjon.