Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sjur Hesjevoll

Hardingfelespel frå Jostedalen

Sjur Hesjevoll - Hardingfelespel frå Jostedalen

Sjur Hesjevoll - Hardingfelespel frå Jostedalen (ta:lik)

Ny cd med arkivopptak av Sjur Hesjevoll

På vestlandskappleiken i Jostedalen vart ein ny cd med arkivopptak med spelemannen Sjur Hesjevoll frå Jostedalen lansert. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Jostedalen spel- og dansarlag, plateselskapet ta:lik og Nrk.

Sjur Hesjevoll var ein av dei beste spelemennene i Sogn på 1900-talet, og var ein viktig tradisjonsberar og formidlar for spelet i indre Sogn. Harald Hesjevoll skriv fylgjande om Sjur Hesjevoll i tekstheftet til cd-en:

 

SJUR HESJEVOLL vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen, Luster i Sogn. Foreldra var Anna f. Krokgjelet (1875–1954) og Ola Hesjevoll (1870–1955). Sjur vaks opp i ein stor syskenflokk, med to søstre og ni brør. Til liks med Sjur, så dreiv fleire av brørne med kunstmåling, treskjæring og dreiing. Fleire av dei prøvde seg og på fela, men det vart Sjur som vart meistaren, og som verkeleg gjekk inn for musikken.

Foreldra til Sjur var gode til å syngje og tralle, og med det fekk Sjur tidleg sans for musikken. Sjur var mykje sjuk i barndommen, og han var ikkje sterk nok til å vere med dei andre ute på gardsarbeidet. Sjølv sa han at dette gjorde til at han kunne drive med felespel. Den eldre broren Hallvard (1899–1972) kom til gards med ei lita flatfele som han hadde fått kjøpt for tre kroner. Dette vart fyrste fela som Sjur spela på.

I byrjinga hadde han ikkje feleboge, så han lærde seg tonar og slåttar ved å klimpre på fela. Seinare fekk han hardingfele av broren Olav (1905–34), som laga nokre feler.

I 1930 fekk Sjur, som då var 16 år, vere med til Årdal og delta på Sognastemna. Dette var Sjur si fyrste tevling, og han vart nr. to og fekk ti kroner i premie. Dette var stort, og det var mykje pengar for ein 16-åring. Seinare deltok han på ei rekkje stemner og kappleikar, og henta med seg mange fine premiar. Men premiane i seg sjølv betydde ikkje så mykje for Sjur. For han var det gleda ved å spela til eit lydhøyrt publikum som betydde mest. Han hadde ei eiga evne til å trollbinde publikum med spelet sitt, og på kappleikar og stemner fann ein ofte Sjur og fela som eit naturleg midtpunkt blant interesserte tilhøyrarar. Men vart det enkelte gonger litt mykje prat blant publikum, så pakka han ned fela, for då var dei ikkje interesserte nok i musikken, meinte han.

Sjur spela mykje til dans. I krigsåra vart ungdomshusa i bygda stengde av tyskarane, men dans og spel vart ikkje stoppa av den grunn. I desse fem åra vart det dansa og spela rundt om i stovene. Sjur, saman med sambygdingen Olaf Sperle (1900–71), var det som oftast sto for musikk til desse stovedansane. Sjur var aktiv i Sogn spelemannslag, og fungerte i periodar som musikalsk leiar for laget. Han lærde villeg vekk av slåttane sine, på same tid som han også fekk lære slåttar av dei andre sognaspelemennene i laget. Han var ein flink læremeister, og reiste også rundt i andre sognebygder for å halde vekeskurs i felespel. Såleis sette han spor etter seg i heile Sogn. I 1954 var han med på å skipe Jostedal Spel- og Dansarlag saman med Lars Stølen (1923–2008), Olaf Sperle og ei rad andre spelemenn. Sjur hadde ikkje i mot trekkspelet då det byrja å gjere sitt inntog. Han samarbeidde og spelte saman med trekkspelarane, og fekk på den måten utvida bruksområdet til slåttane. Særleg kjend vart han for samarbeidet med trekkspelaren Oddvar Stegegjerdet (1940–84), og dei gav ut fleire plater med runddansmusikk frå Jostedalen og sjølvlaga melodiar i tradisjonell stil.

Sjur stifta aldri familie, og budde på Hesjevollen heilt til han gjekk bort i 1994.

// Harald Hesjevoll




| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk