Folkelarm er eit bransjetreff med mål om å marknadsføre folkemusikkartistar for den norske og internasjonale folke- og verdsmusikkbransjen. Folkelarm vart arrangert for fyrste gang i Oslo i 2005, og har vore arrangert årleg sidan, med unntak av 2012. FolkOrg eig og administrerer arrangementet.
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans er ein landsdekkande organisasjon, som har som sitt fremste føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Som kulturpolitisk interesseorganisasjon har han eit breitt arbeidsfelt som spenner frå aktive lokale spel- og danselag, til fremjing av norsk folkemusikk både heime og ute.
Vår medarbeidar med ansvar for Folkelarm har studiepermisjon, og vi søkjer vikar for eitt år med start 1. desember 2012. Vikariatet kan verte forlenga.
Folkelarm har vore under ekstern evaluering i 2012, og FolkOrg har no motteke evalueringsrapporten ”Folkelarm – Tradisjon til salgs”. Den som vert tilsett vil ha høve til å vere med å utvikle framtidas Folkelarm på bakgrunn av rapporten og i samråd med FolkOrg.
Vi søkjer ein strukturert og initiativrik person med interesse for folkemusikk og folkedans, og god kunnskap om musikkbransjen.
Vi søkjer følgjande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning, fortrinnsvis innan kulturfag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
- God bransjekunnskap
- Prosjektleiarkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid.
- Erfaring frå arrangement som festivalar, bransjetreff mm.
- Ein god nettverksbyggar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
Arbeidsstad er i nye kontorlokale i Schouskvartalet, sentralt i Oslo. Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonens pensjonsavtale.
For meir informasjon om organisasjonen sjå www.folkemusikk.no. For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 22 00 56 94/ 481 05 75, eller e-post: linda@folkemusikk.no. Dagleg leiar vil kunne svare på desse i periodane 21.-27.09, og 15.-19.10.
Send søknad med CV til: FolkOrg, PB 4613 Sofienberg, 0506 Oslo eller på e-post post@folkemusikk.no.
Søknadsfrist 19.oktober 2012