FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. Organisasjonen har som sitt fremste føremål å arbeide for  folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. FolkOrg som kulturpolitisk interesseorganisasjon har eit breitt arbeidsfelt som spenner frå aktive lokale spel- og danselag, til fremjing av folkemusikk og -dans både heime og ute.

Ein av våre rådgjevarar skal ha eitt års permisjon frå 1.mars 2012 og vi søkjer vikarar. Vi har valt å lyse ut vikariatet i to halve stillingar, men det er også høve til å søkje på desse stillingane samla.

50 % stilling som rådgjevar for utøvarutvikling - vikariat

I handlingsplanen til FolkOrg har vi eit overordna mål for utøvarutvikling:
”FolkOrg skal stimulere til aktivitet og arbeide for at utøvarane har gode rammevilkår.”

Døme på oppgåver for denne stillinga er: oppfølging av fagutvalet for yrkesutøvarar, oppfølging av INTROfolk, spørjeundersøking, gjennomføring/utarbeiding av kurs, utarbeide relevant informasjonsmateriell for utøvarar og bidra med innspel til leiinga om relevante kulturpolitiske saker og strategisk arbeid retta mot kva utøvarane treng. 

Vi søkjer ein initiativrik og strukturert person med interesse for norsk folkemusikk og folkedans, og god kunnskap om musikk- og dansebransjen.

Vi søkjer følgjande kvalifikasjonar:
 

  • Høgare utdanning, helst innan kulturfag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
  • God kjennskap til musikarar og dansarar sin arbeidskvardag, og erfaring frå bransjen kring desse.
  • Prosjektleiarkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid.
  • Kjennskap til folkemusikk- og folkedans.
  • Evner til strategisk og administrativt arbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
     

50 % stilling som informasjons- og organisasjonsmedarbeidar - vikariat

FolkOrg satsar mykje på informasjonsarbeid både eksternt  gjennom vår nettstad www.folkemusikk.no og bladet Folkemusikk, og internt mot medlemslag og enkeltmedlemmer. Informasjons- og organisasjonsmedarbeidaren vil bli viktig i dette arbeidet.

Døme på oppgåver for denne stillinga er: webpublisering, generelt informasjons- og pressearbeid for organisasjonen, utvikling og utsending av nyhendebrev, utvikle heimesider for lokallag og enkel brukarsupport for desse og følgje opp utviklinga av nytt medlemssystem og nytt påmeldingssystem for kappleikar.

Vi søkjer etter ein strukturert og fleksibel person med interesse for og kunnskap om folkemusikk og folkedans.

Vi søkjer følgjande kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, helst innan kulturfag eller informasjonsfag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
  • Erfaring frå informasjons- og organisasjonsarbeid.
  • God datakunnskap.
  • Erfaring frå webpublisering og etablering av heimesider.
  • Prosjektleiarkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
     

For begge stillingane gjeld:

Vi er interesserte i at personane som får stillinga kan starte så snart som mogleg.
Arbeidsstad er primært i nye kontorlokaler i Schouskvartalet, sentralt i Oslo. Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonens pensjonsavtale.

For meir informasjon om organisasjonen sjå www.folkemusikk.no. For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 22 00 56 94/ 481 05 75, eller e-post: linda@folkemusikk.no

Send søknad med CV til: FolkOrg, PB 4613 Sofienberg, 0506 Oslo eller på e-post post@folkemusikk.no .
 

Søknadsfrist 1.februar