Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Halvorsen, Jon Anders

JA-2004trykk

Folkesongar, født 1968 i Lunde i Telemark, busett i Oslo

Halvorsen dyrkar folkesongen med utgangspunkt i kvedartradisjonen i Telemark. Han har gått i lære hos både kjende og ukjende kvedarar i heimfylket. På repertoaret hans er tradisjonelle gamlestev, middelalderballadar, skillingsviser og slåttestev. Han ønskjer å bruke songar som er lite kjend, og har og samla inn viser sjølv. Han var i det første kullet av uteksaminerte songarar frå kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet i 2000. Elevane på Kvedar- og spelemannsskulen etablerte gruppa Åtte Potte (1998-2001).

Jon Anders Halvorsen var med i vokalgruppa Dvergmål (1995-2005) og er med i duoen Bruvoll/Halvorsen (2000).Halvorsen samarbeidar også med kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås om konserten Gåtesong. Han er kvalifisert til eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken, og vant denne i 2002. I 2004 og 2005 hadde han statens arbeidsstipend for yngre, nyetablerte kunstnarar. Hausten 2005 hadde Tryllefløyta – ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom)premiere på den norske Opera. Halvorsen spela her Prins Sveinung (Pamino), ei av hovudrollene. Stykket blei sett opp på rundt førti scener i Noreg og Sverige, og er Rikskonsertanes største satsing nokon sinne.

 

Diskografi

Visor og kvæde frå Blåberglandet med Dvergmål (Grappa, 1996)
Song i himmelsalar med Dvergmål (Grappa, 2004)
Nattsang med Bruvoll/Halvorsen (Heilo, 2004)
Gåtesong med Ingvill Marit Buen Garnås (Etnisk Musikklubb 2005)
Trillar for to med Bruvoll/Halvorsen (Heilo 2007)


Medverkande
Juledrøm (MFC, 2006)
Jul i Svingen (NRK/Universal 2006)


Priser


Nominert til Spellemannpris for plata Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa, 1996)
Sagaprisen (1998)
Nominert til Folkelarmpris for plata Gåtesong (Etnisk Musikklubb, 2005)
Folkelarmprisen 2007 i kategorien nyskapande for plata Trillar for to (Heilo 2007)
 

Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk