Men om dei ikkje er så mange så er nivået høgt og konkurransen hard, blant anna så deltok dei tidlegare vinnarane Martin Myhr og Eivind Bakken. Det blei likevel ein som ikkje har vunne før, som drog det lengste strået denne gongen - Hallgrim Hansgård frå Valdres. Han vann føre Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik og Eivind Bakken frå Småjondølene.
Mange kjenner sjølvsagt Hallgrim Hansegård frå fenomenet Frikar, der han alt har sett djupe spor etter seg i mange retningar. At han prioriterer å delta på Landskappleiken er etter alt å dømme eit utslag av eit behov for å vise at han, sjølv om han blandar og driv med dans i svært mange ulike former og uttrykk, også kan meistre tradisjonell halling. Ingar Ranheim, også han lausdansar frå Valdres med bl.a. to landskappleiksigrar bak seg, seier i ein kommentar at det nok betyr mykje, også for ein profesjonell dansar som Hallgrim, å vinne lausdansen på Landskappleiken. Ranheim var til stades på tevlinga og karakteriserer vinnardansen til Hallgrim Hansegård som kjempegod og innhaldsrik med fleire eldre godkarstykke som ikkje har vore i bruk på lang tid, til dømes dette å snurre rundt på hovudet, noko som somme har trudd kjem frå breakdansen, men som har vore brukt av lausdansarar i tidlegare tider i fylgje Ranheim.
SJÅ VIDEO AV VINNARDANSEN
Hallgrim Hansegård - Landskappleiken 2011 from frikar on Vimeo.