Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

ARKIV-CD

Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen

Håvardspel_cd

Ny utgjeving med gamalt hardingfelespel som er aktuelt som aldri før.

Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen er ei rykande fersk utgjeving med gamalt hardingfelespel som er aktuelt som aldri før. Dette er dei vide, slake fjellvidders musikk.

I høve 200-årsjubileet for Håvard Gibøen (1809–1873) frå Møsstrond i Telemark ønskjer vi med denne utgjevinga å dele nokre av slåttane etter han med fleire lyttarar. Gibøen levde på samme tid som Myllarguten, og var hans næraste spelven. Likevel seier alle kjelder at dei spela svært ulikt. Der Myllaren spela fossebrus og lyse durklangar, strauk Gibøen dei rolege straumane med litt mørkare tonar. Myllaren improviserte, sette saman fleire former av same slåtten i ei form, og hadde eit stort driv i spelet. Gibøen heldt meir på slåttane slik han hadde lært dei, men meisla dei ut og gav dei i ein samla og tydeleg karakter.

Gibø-slåttane er ikkje så opne for lange improvisasjonar, men dei gjev spelemannen masse variasjonsmoglegheiter i bogebruk, tonegangar og ornamentikk. Det er spel uten dei store faktene, men med virtuositet i dei små nyansene. På plata kan ein høyre korleis ti spelemenn, som i generasjonane etter Gibøen og fram til i dag har tileigna seg mange Gibø-slåttar, spelar desse slåttane på sitt vis. På mange vis illustrerer innspelinga at innanfor ein definert musikkstil finst det eit stort rom for det personlege uttrykket.

Spelemennene Gunleik Smedal (1878–1948) frå Seljord, Høye Kvåle (1879–1967) frå Flatdal, Johannes Dahle (1890–1980) og Gunnar Dahle (1902–1988) frå Tinn, Olav Løndal (1904–1986) frå Tuddal, Eivind Mo (1904–1997) frå Seljord, Svein Lien (1920–1998) frå Tinn, Trygve O. Vaagen (1927–2005) frå Møsstrond, Olav Øyaland (f. 1922) frå Tinn og Trygve K. Vågen (f. 1950) frå Møsstrond er med på utgjevinga.

Slåttane på plata er anten spela inn av Folkemusikkarkivet i Telemark, av felespelarane sjølve eller av andre privatpersonar. Alle opptaka er henta frå Folkemusikkarkivet i Telemark. Plateselskapet ta:lik er utgjevar, og plata er gjeven ut i samarbeid med Norsk Folkemusikk- og Danselag, som har gjeve CD-en saman med Årbok for norsk folkemusikk til alle sine medlemmer, og i samarbeid med Kari Lønnestad frå Folkemusikkarkivet i Telemark. Per Anders Buen Garnås og Anne Hytta har vore produsentar.

Tekst: Anne Hytta

(illustrasjon: Morten Vernegg).


| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk