Sans for dans er Noregs Ungdomslag(NU) sitt talentutviklingsprosjekt for unge folkedansarar. Åtte ungdommar blir plukka ut på bakgrunn av søknader og prøvedansing, og gjennom fire samlingar lagar dei ei forestilling i samarbeid med profesjonelle dansepedagogar og musikarar. Prosjektet skal gje deltakarane høve til å utvikla seg som dansarar og erfaring med å jobba i eit ensemble.
Sans for dans 2009 er det tredje Sans for dans-prosjektet, og det er Martin Myhr og Bente Hjellum Syvertsen som har leidd ungdommane. Einar Olav Larsen og Vegar Vårdal har hatt ansvar for musikken.
- Sans for dans er ei av våre store satsingar gjennom året i NU og det er særs kjekt for oss å vise fram våre gode talent i organisasjonen, fortel leiar i folkedansrådet Endre Kleiveland. Han understrekar vidare at det i tillegg ligg ein undertone av opplæring i prosjektet. Ungdomane skal kjenne på artisttilvære. Både gjennom produksjon, men også kva som krevst på og utanfor scena. Og ikkje minst det å tilpasse seg, og fungere i ei gruppe.
- Me er særs nøgde med oppsettinga dette året. Forestillinga viser kvalitet, glede og nerve! avsluttar Kleiveland.
Om du gjekk glipp av premieren på !GRYMT, kan du framleis få med deg forestillinga på:
Folkekulturfestivalen i Hamar 30.juli-2. august.
Nordsjøfestivalen i Farsund 27.-29.august.
Hilmarfestivaleni Steinkjer 6.-9. november.
For meir informasjon om forestillinga og prosjektet: Heimesida til Noregs Ungdomslag
Tekst: Noregs Ungdomslag / Synnøve Jørgensen