Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hardingfele

Gro Marie Svidal

Hardingfele_Gro_Marie_Svidal_foto_em

Gro Marie Svidal gjev på plata "Hardingfele" ei personleg tolking av musikken, og formidlar glede og nærleik til materialet.

Om plata seier ho følgjande: - Repertoaret er hovudsakleg henta frå Jølster og Sunnfjord, men det er også nokre frå andre område på Vestlandet. Slåttane har eg lært frå notar, opptak eller direkte frå andre spelemenn. Mange er kjende, andre har publikum kanskje aldri høyrt før. Tolkinga er bygd på tradisjonen eg vaks opp i, men er også sterkt farga av samtida og dei menneska og utøvarane eg har møtt.

Gro Marie Svidal blir skildra som en utøvar rik på nyansar, med gode ferdigheiter og stilsikkert uttrykk: - På denne innspelinga ville eg jobbe med spontaniteten og leiken ein finn i folkemusikken. Eg har dei siste åra mellom anna arbeidd med fri improvisasjon, og hentar mykje inspirasjon derifrå. Likeeins har eg alltid vore opptatt av folkemusikk spelt til dans, og den spontaniteten ein finn der. Desse elementa har eg freista slå saman, utan å bryte med tradisjonen. Dette trur eg er med på å gje slåttane si eiga vesle historie, seier Svidal.

Gro Marie Svidal er utdanna frå Ole Bull akademiet og Norges Musikkhøgskule. Det meste av inspirasjonen har ho henta frå læremeistrane sine: Sigmund Eikås, Håkon Høgemo og Leif Rygg. Ho er elitespelemann på kappleik og ein mykje nytta konsert og dansespelemann.
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk