God Påske!
Dette er årstid for sol og store gåsungar. Men i år også ny tid for årsmøte i FolkOrg.
Årsmelding, rekneskap og handlingsplan er sendt ut til dei som har meldt seg på til årsmøtet på Røros helga etter påske. Dokumenta ligg sjølvsagt òg her på nettet.
Eg oppmodar alle å lesa både kva me har gjort, og kva me ynskjer å gjera. Ikkje akkurat krim, men spennande påskelektyre!
Det er likevel i lokallaga, på alle øvingsrom og på alle scener rundt ikring den eigentlege aktiviteten til norsk folkemusikk og folkedans går føre seg, og våren og sommaren er høgsesong for nyting, læring og overraskingar.
God Påske og vel møtt på årsmøte og på stemner utover sommaren!
-- Maria Høgetveit Berg