Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tåran

Glima

Tåran_glima_foto_norcd

GLIMA er ein utradisjonell stryketrio som spelar norsk folkemusikk i eigne arrangement. Musikarane har solid forankring i den tradisjonelle norske folkemusikken, men let seg inspirere av andre impulsar: nasjonale og internasjonale.

Repertoaret spenner frå drivande danseslåttar med rytmisk snert til vare visetonar i nennsame arrangement. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerer, men følgjer den tradisjonsklingande hardingfela inn i musikken. Dermed opnar det seg opp ei ny verd.

Trioen har spelt saman sidan 1997. Torunn R. Rue og Ragnhild Knudsen vann gruppespel under Landskappleiken i 2001 og på ny i 2008.

GLIMA har framført musikken sin på mange ulike scener og mellom anna delteke på Telemarkfestivalen og Jorvik Viking Festival (York/UK). GLIMA har spelt ei rekke konsertar for eit variert publikum frå barnehage, via offentlege tilstelningar på kulturarenaer, til kyrkjekonsertar. Glima har vore særleg aktive i Telemark, der dei held til.

Plateomtale er henta frå www.norcd.no
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk