Leiar i hovudkomiteen for Landsfestivalen 2012, Kjærsti Gangsø er full av glede og forventning før morgondagens tevlingar.
- Eg er veldig audmjuk. Det strøymer på med folk alt i dag – noko vi er svært glade for. Dessutan er det mange som vil vera med å tevle. Ja, eg blir litt skremt over pågangen, men sjølvsagt veldig, veldig glad, seier Gangsø – for anledninga kledd i sjokkgul t-skjorte.
- Medlemmene i hovudnemnda har gul farge på t-skjortene, dei andre friviljuge har raude skjorter. Vi er med andre ord godt synlege, seier Gangsø.

Fast på programmet
Landsfestivalen har mange faste postar på programmet, til dømes tevling i fleire spelklasser. Nytt av året er samspel for juniorar. Fredag blir også tevling i gammaldans. Klassen er fast del på festivalprogrammet frå og med i år, etter nokre suksessrike prøveår, mellom anna på Landsfestivalen i Oppdal i 2011. ”Dette er også ei klasse for outsiderane. Her er det plass til alle! Vi treng ei tevling som er for dei danseglade, ei uhøgtidleg klasse. Eg håpar arrangørane framover tek med seg denne tevlinga vidare”, fortalde fjorårets festivalleiar, Øyvind Sandum til bladet Folkemusikk i 2011. Også Kjærsti Gangsø ser fram til dansetevlinga.
- Skal gammaldansen overleve i framtida, må vi sjå dansen og musikken i samanheng. Mange dansarar avlar god musikk – og motsett. Det eine blir ikkje godt utan draghjelp frå den andre.

Mange til start
Gangsø er ikkje redd for å delta sjølv. Etter sterk deltaking på Landskappleiken på Otta i år, der ho vann dans fele klasse B, deltek Gangsø også i danseklassen i Vågå. For anledninga har ho bytt ut sin faste dansepartnar, Vegar Vårdal med mannen i sitt liv – Tor Arne Gangsø.

Heile 46 par stiller til start i seniorklassen i dans. I klassen for junior deltek fire par.
- Vi ser at interessa for gammaldans på Landsfestivalen veks, og FolkOrg vil arbeide meir systematisk med gammaldansen i åra framover, seier Rannveig Djønne, kappleiks- og festivalrådgjevar i FolkOrg. Ho er også svært nøgd med den auka deltakinga på Landsfestivalen generelt. Til festivalen i Vågå er det påmeldt 709 deltakarar i dei ulike klassene.
- På to år har deltakinga på Landsfestivalen auka med til saman 35 %, noko som viser at gammaldanssjangeren er populær og i vinden, avsluttar Djønne.

Meir om Landsfestivalen og programmet her!