Folkemusikk er ikkje ukjent for Voss folkehøgskule, det har årleg vore både hardingfelespelarar og trekkspelarar innom musikklinja, men frå hausten blir det for fyrste gong ei eiga linje for folkemusikken. 

– Ja, så vidt me veit, og ut ifrå studiekatalogen, blir dette den einaste folkemusikklinja ved ein folkehøgskule i Noreg, seier rektor Lasse Sandberg og hovudlærar på musikklinja, Erlend Furuset Jenssen.

– Me er spente på å sjå om dette freistar

Manger folkehøgskule har eiga folkedanslinje, men Voss er altså fyrst ut med folkemusikklinje. Og for å sikra seg eit godt fagleg nivå har folkehøgskulen invitert Ole Bull Akademiet på Voss til samarbeid om nyetableringa. 

– Me er best på å driva folkehøgskule og har ikkje høg nok kompetanse på folkemusikk. Difor er me glade for at Ole Bull Akademiet, som har tette band til Universitetet i Bergen, Griegakademiet og til institusjonar elles, er med i samarbeidet, seier Sandberg. 

Både rektor og hovudlærar ser det som svært viktig for elevane at dei får prøva seg på folkemusikk, og sjå kvar dei står fagleg før dei tek eit val om vegen vidare. Eitt år på folkehøgskule kan vera å dyrka hobbyen sin eitt år, leva ut draumar. Men elevane vil også få innblikk i kva dei går til om dei vel å satsa vidare på ei høgare utanning innanfor folkemusikk, med Ole Bull Akademiet med på laget. 

Sterke tradisjonar

Voss folkehøgskule er budd på nokre år med låge elevtal på den nye linja. Rektor seier ein har trua på å etablera seg med om lag 12 elevar. Han meiner det er rett av Voss folkehøgskule å etablera ei slik linje, mellom anna fordi folkemusikken står sterkt i lokalsamfunnet, og fordi ein har ei desentralisert høgare utdanning innanfor folkemusikk på Ole Bull Akademiet. 

– Me er spente på å sjå om dette freistar, seier Lasse Sandberg og Erlend Furuset Jenssen.

Denne artikkelen stod på trykk i den fyrste utgåva av bladet Folkemusikk 2014.