«Dette er stort, eit skikkelig klapp på skuldra og kjekt å få eit slikt
godkjentstempel.» - Ola Gjendem.

- Ola Gjendem har eit voldsomt sterkt engasjememt. Han er rask, målretta og kreativ i arbeidet med å få kultur ut til folket, sa Kristin Sørheim i sin tale.

Ola Gjendem er sønn av folkemusikeren Anders Gjendem som fekk fylkeskulturprisen i 1979. Ola syntes det var ei stor oppleving å bli hedra på denne måten. Til Geiranger hadde Ola Gjendem tatt med seg tre ungdommar for å gje fylkespolitikarane ein liten smakebit på folkemusikken og folkedansen som han brenn for. Torill Steinjord, og Anna Liv Skjelten Gjendem dansa medan Britt Elise Skram spilte fele til stor jubel frå fylkespolitikerne og medlemmene av ungdomspanelet som var til stades.

– Arbeidet hans betyr mykje for å få fram kunnskap, for eksempel om folkemusikken og folkedansen i Møre og Romsdal som mange kanskje ikkje kjenner noko til.
– Dette er ukjent for mange, og det å få fram dette, held tradisjonane ved like og byggjer kunnskap, er særs viktig for Møre og Romsdal, seier leiaren i utvalget for kultur og folkehelse, Kristin Sørheim (Sp).

Ola Gjendem har fått med seg folkemusikken heimanfrå.
– Ja, det er klart. den er eg født og oppvaksen med. Far min spilte jo i alle år. Eg byrja å spille til dans lenge før eg var konfirmert, seier Gjendem.

Eg har møtt så mange gjennom folkemusikken. I det eine øyeblikket satt Magnhild og Erik Almhjell ved kjøkkenbordet og Magnhild song dei gamle songane ho vart så kjent for. I det neste øyeblikket gjekk døra opp og inn kom Henning Sommerro eller salmakeren og spillemann Hagen frå Gudbrandsdalen. Dei var jo der alle samen, rundt far min, rundt musikken, seier Ola Gjendem.

Av den omfattande aktiviteten til Ola Gjendem, kan ein trekke fram dei 30 utstillingane Molde bymuseum har vist, byvandringane gjennom 30 år og lokalhistoriske litterære produksjonen hans. Han er ein ivrig samlar, formidlar og eit levande leksikon som lett skaper entusiasme for det han arbeider med.

FolkOrg gratulerer!