Sogn og Fjordane Folkemusikklag samarbeider kvart år med ein lokal arrangør om å arrangere Fylkeskappleiken. I 2011 er det Naustedalen Spelemannslag som skal gjennomføre arrangementet.
- Fylkeskappleiken er ei av dei viktigaste hendingane for folkemusikken i Sogn og Fjordane, og ein viktig sosial og musikalsk møtestad for både utøvarar og andre folkemusikkinteresserte, seier arrangørane.
Fylkeskappleiken i Naustdal startar kl 19.00 på fredag og avsluttar natt til søndag.
- Kappleiken skal haldast i gymsalen og tilstøytande rom i Naustdal barne- og ungdomsskule. Dette er dei same lokala som vart nytta då vi hadde fylkeskappleiken i 2008, fortel Naustedalen Spelemannslag.
- Fredag blir via gammaldansen med solospel, open klasse, gammaldansgrupper og dansetevling. Laurdag blir det tevlingar i folkemusikk og bygdedans på dagtid og lagspel innan folkemusikk og gammaldans på kveldstid, avsluttar arrangørane.
Vi tek óg med at Sogn og Fjordane Folkemusikklag har årsmøte sundag 3. april i Førde. Alle medlemmer i lokallag og medlemmer direkte innmelde i Folkemusikklaget har møte- og talerett.
Du kan lese meir på heimesida til Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Du finn óg meir informasjon om dommare, påmelding og overnatting for Fylkeskappleiken på denne sida.