Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane går av stabelen på Skei hotell i Jølster. Kappleiken startar alt fredag kveld, og held fram utover dagen laurdag. Laurdag kveld er det kappleikskonsert, og sjølvsagt blir det dans båe kveldane. Meir informasjon om fylkeskappleiken finn du her: www.fylkeskappleiken.no

Gudbrandsdalskappleiken er i år i Vågå kulturhus 10. april. Her er det også vanlege kappleiksklassar, og sjølvsagt dans om kvelden. Mange gudbrandsdølar finn vegen hit og i år har dei elles eit særskild fokus på gamaldansen, slik som polka, galopp, skotsk og husk. Meir informasjon på www.spelogdans.no

Valdreskappleiken har vi alt omtala her