I finalen under meisterkonserten på Landskappleiken var fem folkemusikarar under 25 år med å kjempe om prisen. På scena stod Ingebjørg Harman Bratland (vokal), Margit Myhr frå, (vokal), Marie Tveiten (hardingfele), Sivert Holmen (hardingfele) og Jørgen Nyrønning (fele). Til slutt falt juryen sitt val på kvedaren Ingebjørg Harman Bratland . - Dette er utruleg moro! Dei andre nominerte held eit svært høgt nivå, så det er ei stor ære å vinne denne prisen, seier Bratland.
unknown
Foto | Eivind Kaasin

Den unge kvedaren frå Vinje har allereie merka seg ut med stemma si. Under NM i folkemusikk på Geilo i fjor vann ho vokal klassa A, og ho har også merka seg sterkt ut i den royale krets. No er ho klar for nye utfordringar, og er ikkje i tvil om kva prispengane skal gå til.

- Eg jobbar med ei ny plateutgjeving, og pengane skal brukast til å finansiere denne.

Som ein del av prisen får vinnaren også ein eigen konsert under bransjetreffet Folkelarm som går av stabelen 9. - 12. september på Riksscenen i Oslo.
 
I tillegg til hovedprisen på 50 000,- vart det også delt ut fleire pengepremiar  på kvar 10 000,- til utøvarar i c-klassene. Desse premiane gjekk til: Marie Tveiten frå Seljord (hardingfele),  Sjur Borge frå Gol (durspel) og Hans P. Kjorstad  frå Harpefoss (fele).


Om Fureprisen


Fureprisen går til ein deltakar på Landskappleiken under 25 år uansett klasse , og er på 50 000,-. Prisen er gjeven av Furestiftinga, ei stifting etter forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. Prisane  skal delast ut på Landskappleiken også dei fire neste åra. 

Finalistane til Fureprisen

 

Marie Tveiten
Sivert Holmen
Margit Myhr
Jørgen Nyrønning