I samband med Meisterkonserten på Landskappleiken var det plukka ut fire kandidatar til Fureprisen, ein pris som blei oppretta i fjor og som er gjeven av Stiftinga Fureprisen. Denne prisen skal gå til ein deltakar på Landskappleiken under 25 år uavhengig av klasse. Fjorårsvinnar var Ingebjørg Harman Bratland, i år var turen komen til spelemannen Bjørn Kåre Odde frå Lom. Dei andre som konkurrerte med Bjørn Kåre, var Jørgen Nyrønning frå Ålen, Alexander Røynstrand frå Granvin og Erlend Apneseth frå Sunnfjord.
Foto: Knut Utler
Foto: Knut Utler

Bjørn Kåre Odde var debutant i spel vanleg fele klasse A i år, etter stuttast mogleg "opphald" i klasse B. Han utmerka seg og hamna på ein respektabel fjerdeplass i A-klassa i Seljord. Bjørn Kåre er av ei stor spelemannsslekt, nemnast kan bestefaren Bjørn Odde, som bl.a. har vunne landskappleiken fire gonger og nok har vore ein viktig læremeister og inspirator for Bjørn Kåre. Faren Bjarne Odde vil mange ha støytt på i ulike gammaldansgrupper som bassist, men òg som solist på ein- og torader. Bjørn Kåre har i tillegg til å ha gått i musikkskule i heimbygda, gått tre år på folkemusikkklina på Vinstra med Vegar Vårdal som felelærar. No for tida er han student på Norges Musikkhøgskole med Per Sæmund Bjørkum som felelærar.

Furepris-stipend

Som i fjor dela Stiftinga Fureprisen òg ut stipend på 10 000,- kr til vinnarar i utvalde C-klasser. I år blei det delt ut fire slike stipend. Dei som fekk var desse:

Solveig Brekke Hauknes frå Bærum Spelemannslag (spel hardingfele C)
Lars Fivelstad Smaaberg, Gol spel og dansarlag (vokal C)
Rasmus  Kjorstad Harpefoss spel- og dansarlag (fele C) 
Ole  Nilssen, Hedmark folkemusikklag (durspel junior)
 

>> LES MEIR OM FUREPRISEN HER