I Fureprisfinalen under Landskappleiken på Geilo laurdag var fem folkemusikarar under 25 år med å kjempe om den gjeve talentprisen. På scena stod Ole Erik Feragen frå Røros (fele), Tor Hoslemo frå Setesdal (fele),  Kristoffer Kleiveland frå Osterøy (durspel), Sivert Holmen frå Valdres (hardingfele) og Mari Midtli frå Sel (vokal). Til slutt falt juryen sitt val på Midtli. Sjølve prisen vart delt ut under meisterkonserten i Geilohallen sundag føremiddag.

Mari Midtli er 17 år, og den yngste Fureprisvinnar på Landskappleiken til no. Midtli tevla i c-klassa, for dei under 18 år, og dette er fyrste gong prisen går til ein c-klassing,. Midtli vann både klassa for vokal folkemusikk klasse c, og klassa for spel fele klasse c. Ho får med dette Furestipend for desse to klasse i tillegg til Fureprisen på 50 000,-. Til saman får ho dermed med seg 70 000,- i stipend og prispengar frå Landskappleiken.  

Vert invitert til meisterkonsert i Operaen

Som vinnar av Fureprisen,vert Midtli invitert til folkemusikkens eiga festframsyning i operaen i sundag 23. november. Då samlast eit utval av vinnarane frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk til ein stor meisterkonsert i storstua i hovedstaden. Les meir på denne sida: www.kappleik.no

Andre Furestipend:
Durspel junior: Ingrid Standal Sørheim - Kvemmingen spel- og dansarlag (10 000,- )
Hardingfele klasse C: Cecilie Skrindo - Ål spel- og dansarlag. (10 000,- )

FolkOrg-stipend
Dans fele C: Iver Kolstad og Marie Skogås, Røros Folkedanslag. Dei dansa Rørospols. (Vinn 10 000,- saman)
Halling: Jon Bugge Mariussen, Nesodden Dansarlag (Vinner 10 000,-)

Hovuddommar for Fureprisen i år har vore Aslak Brimi som har høyrt om lag 80 utøvarar under på Landskappleiken. Meddommarar har vore Kirsten Bråten Berg (vokal folkemusikk), Mari Eggen (spel fele), Torunn Raftevold Rue (spel hardingfele), Tellef Kvifte (eldre folkemusikkinstrument) og Rikke Von Ommeren (durspel).

Om Fureprisen
Fureprisen går til ein deltakar på Landskappleiken under 25 år uansett klasse, og er på 50 000,-. Prisen er gjeven av Furestiftinga, ei stifting etter forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.

Tidlegare vinnarar av Fureprisen til:
2013: Erlend Apneseth (hardingfele A), frå Jølster i Sogn og Fjordane
2012: Jørgen Nyrønning (Fele A) frå Ålen i Sør-Trøndelag
2011: Bjørn Kåre Odde (Fele A) frå Lom i Gudbrandsdalen.
2010: Ingebjørg Harman Bratland (Vokal A) frå Vinje i Telemark.