Adr.: |
N-0174 Oslo |
Tlf1: | (+47) 957 25 477 |
E-post: | Send e-post |
Web: | Nettside |
Frøholm, Britt Pernille
Britt Pernille Frøholm spelar fele og hardingfele, og har jobba med folkemusikk frå Vestlandet, særleg Nordfjord og Sunnmøre. Viktige læremeistrar har vore mellom anna bestefaren Mathias Frøholm, Arne M. Sølvberg og Finn Vabø. Andre viktige inspirasjonskjelder er Ragnvald Lunde, Lars Hjellbakk, Leif Thomasgaard, Rasmus Brendefur, Svein Nesje og Elling Seljeset. Ho gjekk på spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet i 1998 -2000. Elevane på Kvedar- og spelemannsskulen etablerte gruppa Åtte Potte (1998 – 2001). Ho har og gått på Norges Musikkhøyskole, og i 2006 avslutta ho mastergraden i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark, der ho forska på lyden av hardingfela og utvikla ny musikk for instrumentet. Frøholm er medlem av trioen LUCKYLOOP (2007) som hovudsakleg spelar improvisert musikk og som er plateaktuelle hausten 2008. Ho er også med i duoen EnsembleEpoche, som er eit samarbeid med samtidskomponisten Therese Birkelund, og ho er medlem i Friensemblet.
Frøholm er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på hardingfele, og har mange gode plasseringar frå kappleikar. Ho jobbar som frilans musikar, og kom med si første soloplate i januar 2008.
Faste grupper
LuckyLoop -trio med Tellef Kvifte, Mathilde Grooss Viddal og Britt Pernille Frøholm
Frøholm/Tillung – duo med Irene Tillung og Britt Pernille Frøholm
Boreas – skotsk-norsk samarbeidsprosjekt startet av Lori Watson og Britt Pernille Frøholm
EnsembleEpoche- samarbeid mellom Therese Birkelund og Britt Pernille Frøholm
Friensemblet- storband ledet av Mathilde Grooss Viddal
Diskografi
2009 Eins Britt Pernille Frøholm & Irene tillung (ta:lik)
2008 LuckyLoop, “Big, Fat and Beautiful” (Grappa Musikkforlag)
2008 Britt Pernille Frøholm, “For Allje Dei” (ta:lik)
2008 Folkelarm promoplate diverse artister (Etnisk Musikklubb)
2008 Christian Borlaug, “Austmannsspel- slåtter under Norefjell” (Etnisk Musikklubb)
2008 Ramstadlaget, “I gamle spor” (Lærdal musikkproduksjon AS)
2000 Honndalstausene, “Frie Former” (Grappa Musikkforlag)
Prisar
2001: Agnes o Rasmus Pettersens fond for støtte til talentfull bygdeungdom
1998: Ivar Lundes legat