- I arbeidet med "8" budde Anders Aasberg, Vetle Springgard, Ådne R. Geicke Kolbjørnshus og eg i eit kung fu-tempel i dei kinesiske Wudang-fjella,  fortel Hansegård.
 
- Både kung fu-munkaneog vi er svært stolte av tradisjonane våre, samstundes er vi ungdommar som ynskjer å kommunisere med samtida. I "8" leitar vi etter eit scenisk uttrykk der vi ikkje treng å gå på akkord med korkje tradisjonane eller det individuelle uttrykket, seier han. 
 
Han meiner det er viktig for unge at lokale tradisjonar kan vera personelege og dagsaktuelle uttrykk. 
 
Reint folkedansteknisk har Frikar fokusert på andre ting enn tidlegare. 
 
- Vi har fokusert på linkinga og dei små detaljane i fotarbeidet. Den avanserte rytmikken i musikken til komponist Marcus Paus har gjort dette til ei spennande utfordring. Men litt inspirasjon har gutane likevel fått av munkane. 
 
- Kung fu`en er bygd opp av rørslesetningar på 10 - 30 sekund. Kvar setning har sin eigen dramaturgi og energiflyt, og avsluttast med snert. Ein form er satt saman av fleire setningar, om trent som eit dikt. Det gjer det mykje lettare å lære koreografi, og terpe teknikk i lag. Vi føler at å adaptere denne arbeidsmåten gjer oss rikare utan at det går utover fridomen i lausdansen, forklarer Hansegård. 
 
Forestillinga "8" har for det meiste fått strålande kritikkar, m.a. i Bergens Tidende, TA, Oppland Arbeiderblad og Deutschlandfunk. Ein av kritikarane meinte at dei med denne framsyninga styrka sin posisjon som eit av Noregs mest etterspurde danseensembler, medan andre har tala om "en dristig, leken forestilling med stor publikumsappell." 
 
Framsyninga under Landskappleiken er i Otta kulturhus laurdag 30. juni kl 18.00. Billettpris er kr 200.- , pluss avgift. Kappleikskontoret kan hjelpe deg med å bestille billett under kappleiken.
 
Heimesidene til Landskappleiken 2012 finn du her