«Kruk!» er tidlegare skildra som ein testosteronbombe av eit dansestykke, og er hallingdans i ein ny og moderne samanheng.
I verket «Yr» spelar Ragnhild Hemsing for kjærasten, dansar og koreograf Hallgrim Hansegård.
Det er på Operaen si Scene 2 publikum vil få oppleve Frikar.
– Dette er eit veldig viktig og stort oppdrag for oss, seier Hansegård, som synest det er stort at Operaen har opna dørene for folkemusikken.
Frikar skal på turné med Riksteatret til hausten, men før det er det duka for ein travel vår.
Delar av kompaniet reiser til EXPO 2010 i Shanghai der dei skal danse 28. mai.
Dagen etter dansar ein annan del av Frikar i finalen i Eurovision Song Contest på Fornebu Arena – eit år etter at dei dansa Alexander Rybak fram til siger med låta «Fairytale».