Bak Dei Beste Damene er Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset, nokre av dagens fremste hardingfelespelarar. Som solistar har dei alle tre gjeve ut kritikarroste plater, og no kjem altså deira felles innspeling Soli, utgjeven på plateselskapet ta:lik.
Utgjevinga Soli syner tre utøvarar som tolkar tradisjonsmusikken på svært så ulikt vis. Og, det er tre tydelege og sterke musikalske uttrykk som kjem til syne når damene spelar slåttar med kvar sin personleg signatur.
- Eg søkjer kjensla av å oppdage det store i det vesle, styrken i det enkle. Verda som opnar seg i det ein dreg store linjer over små linjer, justerer og varierar, og set saman på nytt. Då ligg slåttane der klare til å bli utforska og formidla gjennom den musikalske augneblinken akkurat der. Og då, seier Synnøve S. Bjørset.
SOLI: Coveret til utgjevinga Soli med Bjørset, Teigland og Hytta |
Uendelege kjelder
Entusiasmen og lidenskapen for den tradisjonelle hardingfelemusikken har ført dei saman, og lyttarane kan vente seg ei utgjeving med drivande og variert felelyd. Med ei mengd ulike felestille, vekslande temperament i spelet, og slåttar som svingar på mange dalars ulike vis byr damene på ei unikt innblikk i ulike uttrykk og tradisjonar.
- Det energiske, vare, dramatiske, lyriske som slåttemusikken innbyr til – der det alltid er noko nytt å oppdaga, noko annleis å henta - ein liten variasjon med stor meining, eit strøk, ei frase og du har noko anna enn forrige gong. Kjeldene er uendelege, instrumentet har alltid meir inne enn eg klarar å få ut. Det er det som driv meg – å søkja lenger, meiner Åse Teigeland.
Klangmangfald
På plata Soli formidlar damene eit stort mangfald av klangfargar, rytmikk og uttrykk.
- Den ru, intense og fyldige klangen i hardingfela har alltid tiltalt meg, og eg starta å spele som 11-åring. Slåttespel slik eg har lært det, har strengt definerte rammer. Men der ligg ein fridom på det meir minimalistiske planet i å variere motiv og å fargelegge med ornamentikk, og eg trur det er desse elementa som har gjort at slåttespelet kjennast som ei naturleg musikalsk uttrykksform for meg, seier Anne Hytta.
Måndag 18.oktober strammar damene bogehår, pussar feler og gjer seg klare for plateslepp på Riksscenen i Oslo for å feire plata Soli. Platesleppet vert etterfølgt av ein liten Noregsturné.
Plateslepp – turnè:
18.10: Riksscenen, Oslo
19.10: Skogstjerna, Stryn
20.10: Eikaasgalleriet, Ålhus
21.10: Jostedal hotell, Jostedal
22.10: Brukås, Bø i Telemark
23.10: Kabuso, Øystese
24.10: Hardanger Folkemuseum, Utne
Plata Soli er i sal frå måndag 18. oktober.