Bakgrunn for rapporten

Utvalet vart sett ned i samband med at det var vanskeleg å finne arrangørar og at det i nokre år hadde vori dårlegare økonomisk vinst. Ettersom problemet med arrangør for Landskappleiken dukka opp allereie i 2009, venta utvalet med vurderinga til etter gjennomført NM i Folkemusikk i 2009.

Utvalet fekk i mandat å vurdere kva som kjenneteiknar Landskappleiken og Landsfestivalen i dag, og på dette grunnlaget vurdere både fordelar og ulemper ved å slå saman LK og LF.

Etter 2009 har ein hatt arrangørar på Landskappleiken, og slik det ser ut i dag, har ein også arrangørar av Landsfestivalen dei neste åra. Det økonomiske resultatet har også vore bra, og ein har opplevd ein ny giv i miljøet rundt landsfestivalen og gamaldansen som gjer at mange i dag ønskjer at landsfestivalen skal vere eit eige arrangement.

Sjølv om vi no ser ein positiv trend i det at vi har arrangørar dei neste åra, meiner styret at vi bør ta ein grundig debatt om kva vi er tent med i framtida. Det er krevjande for miljøet, organisasjonen og administrasjonen å arrangere to så store festivalar kvart år.

FolkOrg ynskte at høyringssvara skulle vera generelle innspel på rapporten, samstundes som ein ynskte meir spesifikke kommentarar på dei forslaga som blir lagt fram.

Samanfatning av hovudtrekkja i høyringssvara

FolkOrg ynskjer å køyre ein så open prosess som mogeleg, og har etter dialog med innsendarane av høyringssvara fått lov til leggje dei ut på nettsidene våre. Hovudtrekka av høyringssvara kjem her:

Fleire av innsendarane har kommentert at utvalet skulle ha vore breiare samansett. To av deltakarane laut av ulike årsakar trekkje seg, og i fylgje høyringssvara burde det ha vore funne erstattarar til desse slik at ein hadde fått den planlagde breidda i utvalet.

17 av 27 høyringssvar er heilt klart i mot samanslåing av dei to arrangementa, og fleire av dei andre svara er skeptiske til kva ei slik samanslåing vil føra til.

Utvalet ønskjer at eit NM i folkemusikk skal likestille tradisjonelt repertoar, dvs. bygdedans
og runddans (både dans og musikk), og at det er den tradisjonelle stilen, det vil seie
framføringspraksisen, som skal vere det sentrale. Fleirtalet av høyringssvara ynskjer å behalde både Landsfestivalen og Landskappleiken, og reindyrka særprega til dei to festivalane. Slik det er i dag kan ein i nokre konkurransar spela dei same slåttane både på Landsfestivalen og på Landskappleiken. Ein ynskjer ein gjennomgang av kappleiksreglementet slik at kvart arrangement igjen skal få forsterka sitt særpreg.

Nokre av høyringssvara framhevar at skiljet mellom bygdadans og runddans og dermed to ulike festivalar er unaturleg. I fleire spelemannslag vert bygdadans og runddans dyrka av dei same utøvarane og sett på som variantar i ein samla rikdom av vår levande musikk- og dansetradisjon. Ved ein felles festival vil ein sleppe å velje kva festival ein har tid til å reise på.

Engasjement kring færre klassar og kvalifisering

Kring forslaget til utvalet om bortfall av klasse B og D, kvalifisering til NM på lokale kappleikar og eit eige NM for juniorar som ein del av NM i folkemusikk har det vore stort engasjement i høyringssvara.  Utvalet ynskjer at ein skal tenkje ”Kvalitet” framføre ”Kvantitet” og gjera arrangementet attraktivt for publikum utanfor folkemusikkmiljøet.

Sjølv om ei kvalifisering på lokale kappleikar på sikt kan føra til auka kvalitet og interesse på lokale kappleikar, er mange av medlemmane for at ei slik kvalifisering vil føra til lågare interesse og oppslutnad for hovudstemnet totalt sett. Ettersom lokalkappleikar fungerar ulikt ser ein at det kan føra til utfordringar i høve til om kvalifiseringa vert rettferdig.

Fleirtalet meiner at bortfallet av B – og D klassar på sikt vil føra til færre publikumarar og gå ut over rekrutteringa. Skepsisen til ein eigen junior NM dag under NM i folkemusikk er og stor. Ein ynskjer at juniorarane skal vera ein naturleg del av miljøet og festivalen, og at klassane vert spreidd over fleire dagar slik at dei som i dag har høve til å delta i fleire klassar, og sjå på og støtte opp om kvarandre.

Fleirtalet meiner at ei elitefokusering ikkje høyrer heime på korkje Landskappleik eller Landsfestival. Ei slik satsing høyrer meir heime under t.d. Folkelarm. Arrangementa skal vera breiddemønstringar, og ein lyt tenkje på at noko av det unike ved folkemusikkmiljøet er at det ikkje er noko skarpt skilje mellom utøvarar og publikum.

Profesjonalisering av apparatet

Utvalet ynskjer ei profesjonalisering av det arrangementstekniske apparatet kring eit NM i
folkemusikk for å gjere eit NM til ein betre formidlings – og opplevingsarena for både publikum og deltakarar. Høyringssvara gjev klare indikasjonar på at ein er redd for at eit NM vil verta for stort arrangement for mange av dei som har arrangert LF og LK til no.

Med eit fåtal av potensielle arrangørar kan det verta slitasje på dugnadsfolk og vanskeleg å få sponsorar og offentleg stønad dersom arrangmentet vert ofte på ein stad. Dei siste 25 åra har arrangementa stort sett gått med overskot, og det vil vera feil at berre eit fåtal spelemannslag har høve til å ta del i arrangeringa og dermed eit potensielt overskot.

Fleire av høyringssvara meiner at det er betre med eit godt arrangement i staden for to halvgode, og at ein skal halde på det tradisjonsrike namnet ”Landskappleik”, gjerne med undertittel ”NM i folkemusikk”.

Hovudtyngda av innspela syner at ein skal jobba for å få Landskappleiken og Landsfestivalen betre og meir profesjonelle reint arrangementsteknisk og profilmessig. Det er denne debatten FolkOrg bør køyre i framtida, og ikkje korleis eit eventuelt framtidig NM skal sjå ut.

FolkOrg takkar for innspela og engasjementet så langt. Det kjem til å verta eit seminar med utgangspunkt i prosessen og høyringssvara under FolkOrg sitt årsmøte på Riksscena i Oslo 20.-22. april 2012. Endeleg vedtak vert gjort under årsmøtet i 2013.

Her kan du lese alle svara i PDF-format.