Av Per Øyvind Tveiten, styreleiar, FolkOrg
FolkOrg er naturleg nok svært glad for denne interessa for ei sak som vi ser som viktig, og som er aktuell.
Slik artikkelen i Ballade viser til hadde representantskapsmøtet for Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) Noregs ratifisering og oppfølging av Unesco-konvensjonen om den immatrielle kulturarven oppe som tema.
Resolusjonen som vart utarbeidd fangar ein vesentleg del av synspunkta våre:
"Norske folkemusikk- og dansetradisjonar med alle sine lokale variantar representerer ein unik og verdfull del av verdas kulturelle mangfald. Representantskapsmøtet krev at staten ved Norsk kulturråd fremjar norsk tradisjonsmusikk og -dans blant Norges forslag til Unesco sine lister over immateriell kulturarv. Norge har eit sjølvsagt og særskilt ansvar for å ta vare på og synleggjere eigne kulturtradisjonar som har levd og utvikla seg over fleire hundre år i Norge."
Registering/listeføring over immatriell kulturarv blir no gjort. Rff samlar og samordnar forslag som er innkomne for feltet folkemusikk og folkdedans. Norsk kulturråd set ned eit (ukjent) antall arbeidsgrupper innan ulike fagfelt, som skal vurdera dei innkomne forslaga. På grunnlag av det vil Norsk kulturråd senda søknad til UNESCO. Registreringa ,og oversikt over kva som er innmeldt innanfor vårt fagfelt, er å finna på eiga side som Rff har oppretta, Kulturarvporten: http://www.kulturarvporten.no/.
Prosessen som Norsk kulturråd har sett igang går raskt - tidsfrist er 15.2.13. Å rekkja ein god prosess med å forslå tiltak som skal fylgja forslaga innan den fristen blir knapt, men vi arbeider med det. For oss er det no viktig at folkemusikk og- folkedanskompetanse er representert i dei nemnde arbeidsgruppene. Vi meiner ellers å å ha gode"kandidatar" for alle tre listetypane ( "Representative list ", "Urgent safeguarding list" ("raudliste"), "Best practice").
Som nokre eksempel: Hardingfelemakartradisjonen på raudlista som ein truga tradisjon - og t.d. Landskappleiken og Landsfestivalen som beste praksis. Elles gjeld det at innmelding frå lokalt initiativ er vesentleg, og må vera grunnlag for listeforslag. Ei rad forslag har kome , jfr. kulturarvporten. Eit godt døme frå Setesdal: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.8405127
Avslutningsvis: Mine synspunkt på kva som er vesentleg, og og litt på korleis Kulturrådet oppfattar oppdraget.
Folkemusikk og - dans blir omtalt som for vid, for generell, og må i så fall avgrensast til einskilde kulturuttrykk. Samisk kulturarv og nasjonale minoritetar blir nemnt som meir aktuelle tema.
Når det gjeld samisk immatriell kulturarv er den for folkemusikken sin del ein del av norsk folkemusikk, og inngår klart i vårt vanlege interesseområde. Det bør neppe ha passert umerka at Inga Juuso vart årets folkemusikar.
For andre minoritetsgrupper har FolkOrg heilt klart opna for at desse skal ha sin plass i det folkemusikalske landskapet. Vi kan likevel ikkje unngå å stilla spørsmålet: Når går immatriell kultur over til å bli immatriell kulturarv ? Det er neppe tilfeldig at dei i Japan har sett aldersgrense på minimum 100 år for å vera med i begrepet - det er heller ikkje tilfeldig at Argentina brukar tangoen som sitt innspel til "Representative list".
Det må, dersom konvensjonen sin intensjon skal etterkomast, setjast krav til tidsdjup, og til innpassing i lister og domener. Ved utarbeiding av søknad frå Norsk kulturråd burde det, etter mitt skjøn, vore vektlagt immatriell kulturarv der Norge har særleg ansvar, jfr. resolusjonen.
Uttalene frå Norsk kulturråd slik det er referert, og slik det er blitt framstilt i andre samanhengar, tyder diverre på at det ikkje er teke omsyn til. Det vil vera uheldig både m.o.t. å ivareta norsk immatriell kulturarv, og etter mitt skjøn og ei misforstått oppfatning av den intensjon som konvensjonen har.
mvh.
Per Øyvind Tveiten
Styreleiar, FolkOrg