Vi er beskyldt for å være usynlege. Kanskje har vi vore mindre i media en NFD var i si tid? Eller var NFD og dei andre organisasjonane meir synlege fordi det var interessant å fokusere på eventuelle konfliktar mellom dei?
For oss er det viktigaste at det vises praktiske resultat etter oss, ikkje nødvendigvis at det er flest medieoppslag om oss. Vi gjer eit stort og systematisk arbeid og det er sentralt i handlingsplanen vår.
Berge påpeikar at det er andre som er meir frampå. Vi ser det som naturleg at institusjonar som festivalar og Riksscenen er frampå på vegne av seg sjølv og heile sektoren. Det er positivt for miljø at vi er fleire som kjempar for denne saka.
Vi opplever sjølv på tilbakemeldingar at andre aktørar reagerer positivt på at folkemusikken står samla og at det gjer oss tyngd når vi uttalar oss.
Vi forsøker å arbeide systematisk. Kulturpolitikk er meir enn berre ei sak. Vi har mange interesser på vegne av lokallaga og utøvarane. Og ikkje minst på vegne av miljøet samla. Ein forskjell er kanskje at NFD i si tid hadde ei stor sak, etablering av Riksscenen, som dei profilerte seg på. Vi arbeider no med mange og kanskje ”mindre” saker.
Her er nokre døme på kulturpolitisk arbeid dei siste åra: Samstemt har stor innflytelse og blir lytta til av statsråden, vi vil spele inn til kulturutgreiinga 2014 - og i samarbeid med NU og RFF lagar vi ein tilstands- og tiltaksrapport for folkedansen. Statsråd Huitfelt og statssekretær Lubna Jaffery har m.a. vore på Landskappleik på Voss, og har fått eit godt innsyn i folkemusikkfeltet.
Ikkje minst skal vi no i møte med regjeringsfraksjonen i kulturkomiteen i slutten av februar. Dette viser at vi jobbar breitt, ikkje berre gjennom Samstemt. Det er naudsynt å profilere våre eigne saker som det ikkje er naturleg å ta gjennom Samstemt.
Vi jobbar også med UNESCO-konvensjonen. Men den har, som Berge påpeikar, ulike sider. Vi oppfattar sjølv at folkemusikken er levedyktig og ikkje verneverdig slik som konvensjonen legg opp til. I alle høve så har myndigheitene teke på seg eit ansvar for musikken og dansen gjennom å ratifisere konvensjonen.
Berge nevner organiseringa internt. Vi opplever at dagleg leiar no er meir frigjort frå operative oppgåver, og kan stø styret meir i det kulturpolitiske og strategiske arbeidet samanlikna med tidlegare. Dette er ein styrke for organisasjonen og for det kulturpolitiske arbeidet.
Samstundes er det nok mykje godt kulturpolitisk arbeid i dei daglege aktivitetane i FolkOrg sin regi: Vi har godt besøkte, dagleg oppdaterte nettsider. Vi gjev ut den einaste årboka på feltet, og står bak landets einaste riksdekkande folkemusikkblad. Vi jobbar dagleg for medlemmer og lokallag, og har ansvaret for tre av dei viktigaste tilskipingane innan folkemusikkmiljøet. Vi jobbar dessutan konstruktivt med både utøvarar og arrangørar.
Vi kan være samde med Ola K. Berge i at organisasjonen i ein etableringsfase har vore noko innovervendt for å få nye system på plass. Vi er no i ferd med å diskutere kulturpolitikk og strategi i styret. Det veit også Berge, som var inne på seminar med styret før jul.
Styret ser fram til å presentere sine tankar i ulike fora seinare.
Maria Høgetveit Berg
styreleiar
Nils Øyvind Bergset
nestleiar
Mari Skeie Ljones
nestleiar
Det opphavelege innlegget til Ola K. Berge, som fyrst sto på trykk i Bladet Folkemusikk, kan du lese her. Du finn meir informasjon om ForlOrg på denne sida.