Presentasjons-cd-en med til saman 26 kutt er den tredje i rekkja, med eit utval av artistar henta frå Norsk folkemusikkatalog. Katalogen som stadig er i vekst, og no tel over hundre og tredve namn, er utgangspunktet for det meste av arbeidet som Norsk folkemusikkformidling driv. Den famnar alt frå tradisjonelle soloartistar via dansarar til ulike grupper. folkogdans.no / VOL 3 gjenspeglar dette til fulle og breidda er svært stor.

/ VOLUM 3 vart presentert for fyrste gong under WOMEX (27.-31. oktober 2004) i Essen, Tyskland.


Også i år opnar vi for at artistar som foreløpig ikkje er i handelen med plateproduksjonar, også skal få tilgang til denne marknadsføringskanalen. Grunnen til dette er den store og spennande underskogen av grupper og soloutøvarar som ein ser gro fram i fotefara til dei etablerte folkemusikkartistane.


Det har òg vore viktig for Norsk folkemusikkformidling å syne fram det beste av den tradisjonelle folkemusikken, ei musikkform arrangørar og andre som til dagleg er kjøparar av ulik musikk har hatt lite tilgang på. Målet med cd'en er slik å nå fram til institusjonar og nøkkelpersonar i målgruppa som elles ikkje ville fått ei slik innføring i mangfaldet og kvaliteten på norsk nåtidig folkemusikk.



Dei som er med: Anne Hytta•Ingvill Marit Buen Garnås•Karl Seglem•Draugtøva• Dvergmål•Hått•Jan Beitohaugen Granli•Slagr• Hillborg Romtveit•Sølvberg/Lyslo• Gjermund and Einar Olav Larsen• BNB-Trio•Over Stok og Steen•Tore Bolstad•Øyonn Groven Myhren• Trygve Bolstad•Sturla/Andreas•Gamaltnymalt•Trispann•Nils

Økland• Marit Mattisgard•Frank Rolland•Flukt•Åse Teigland•Majorstuen•Unni Løvlid