Presentasjons-cd'en med tilsaman 22 kutt er den andre i rekkja, med eit utval av artistar henta frå Norsk Folkemusikkatalog. Katalogen som stadig er i vekst, og no tel over hundre namn, er utgangspunktet for det meste av arbeidet som Norsk Folkemusikkformidling driv. Den famnar alt frå tradisjonelle soloartistar via dansarar til ulike grupper, og det gjenspeglar då også denne nye utgjevinga, der breidda er stor.

Nytt av i år er at artistar som ikkje enda er i handelen med plateproduksjonar, har fått tilgang til denne marknadsføringskanalen. Grunnen til denne avgjersla er den store og spennande underskogen av grupper og soloutøvarar som ein ser gro fram i fotefara til dei etablerte folkemusikkartistane. Generelt er desse kvalitetsmessig på eit godt nivå, og i kombinasjon med at mange sit med demoar med god lydkvalitet, har det vore naturleg å innlemme også desse.

Det har òg vore viktig for Norsk Folkemusikkformidling å syne fram det beste av den tradisjonelle folkemusikken, ei musikkform arrangørar og andre som til dagleg er kjøparar av ulik musikk har hatt lite tilgang på. Målet med cd'en er slik å nå fram til institusjonar og nykjelpersonar i målgruppa som elles ikkje ville fått ei slik innføring i mangfaldet og kvaliteten kring norsk samtidig folkemusikk.
Desse er med:
1. UTLA m/ BERIT OPHEIM
“Norske hallingar”
Ikkje tidlegare utgjeve. Plate kjem 2003.
2. HÅKON HØGEMO
“Rudl etter Sigurd Borge”
Henta frå plata "Solo" (NOR-CD 36)
3. FOLK
“Kasta beinet”
Ikkje tidlegare utgjeve.
4. BLÅR
“Den bakvende visa”
Ikkje tidlegare utgjeve
5. TRIO HARDANGER
“Rudl på nedstilt”
Ikkje tidlegare utgjeve. Plate kjem 2003 (2L12)
6. HELENE HØYE / MARI EGGEN

“Bråtaseterhallingen”
Ikkje tidlegare utgjeve. Plate kjem 2003 (2L13)
7. KNUT SKRINDO
“Prillarguri”
Ikkje tidlegare utgjeve
8. PER ANDERS BUEN GARNÅS
“Friaren”
Henta frå plata "Åleine" (NY CD 2)
9. VINTERMÅNE
“Skunda deg du jenta”
Henta frå plata "Vintermåne" (2L3)
10. KNUT KJØK / DAG GÅRDEN
“Gammel Eirik-hallingen”
Henta frå plata "Frå folk te' folk" (2L10)
11. SYNNØVE S. BJØRSET
“Semjarslåtten”
Henta frå plata "Ram" (NOR-CD 140)
12. BRUVOLL / HALVORSEN
“Ingers hevn”
Ikkje tidlegare utgjeve. Plate kjem 2003
13. MAJORSTUEN
“Majorstu-x”
Henta frå plata "Majorstuen" (2L11)
14. TORGEIR VASSVIK
. “Selen”
Ikkje tidlegare utgjeve
15. GLIMA
“Steien”
Henta frå plata "Glima" (LMP 201)
16. CAMILLA GRANLIEN
“Jeg beilet en gang til en pige så skjønn”
Ikkje tidlegare utgjeve
17. TRON STEFFEN WESTBERG
“Når Klemmit’n va kømmen i storform”
Henta frå plata "Bortover all vei…" (2L4)
18. RUSK
“Kjøbmann Hanestads vals”
Henta frå plata "Rusk" (HCD 7179)
19. KARL SEGLEMS FOLK JAZZ ENSEMBLE
“Trodl”
Ikkje tidlegare utgjeve. Plate kjem 2003
20. YGGDRASIL
“Imeland”
Ikkje tidlegare utgjeve
21. FLUKT
“Flukt”
Henta frå plata "Spill" (2L8)
22. SKREKK “Farvel min venn"
Ikkje tidlegare utgjeve. Folkemusikkarkivet, NRK. Produsent: Kjetil Bjørgan, 2001.