Folkemusikkveka i Hordaland har satt opp ei veke fullpakka med konsertar og framsyningar på institusjonar, skular, barnehagar, kulturhus og andre møteplassar. Dette er eit samarbeidstiltak mellom Hordland Fylkeskommune og Kvinnherad kommune, med skulekonsertar, frivillege og mange lokale lag og organisasjonar. 
 
Også Fylkesmusikarane i Hordaland – FYNDH – tek ein aktiv del i Folkemusikkveka, og fyller dessutan 20 år i år. Gjennom alle desse åra har dei vore initiativtakarar til den folkelege festivalen, og har hatt samarbeid med fleire kommunar.
 
FYNDH har oppgåvar innan arkivarbeid og opplæring, og spelar også aktivt sjølv. I 2012 er det Reidun Horvei (kveding), Einar Mjølsnes (hardinfele, viola da gamba) og Frank Rolland (hardingfele) som er med i FYNDH.
 
I Kvinnherad vert det ei stor rekke med tilskipingar, med fleire tilbod kvar einaste dag. Folkemusikkveka 2012 tok til alt på laurdag 20. oktober, og held fram til laurdag 27. oktober. På programmet står konsertar og innslag med m.a. FYNDH, Kvast, Kammerskoret, Husnes Blandakor, Røysterett For Alle – og mange fleire. 
 
På Snikkeriet Rosendal vert det plateslepp på torsdag, med Kari Malmanger, Einar Mjølsnes, Vidar Berge og Helge Sørheim. Folkemusikkveka 2012 sluttar med ein stor festkonsert på Kulturhuset Husnes laurdagen, der m.a. Husnes Musikklag, Rosendal Musikklag, Kvinnherad Folkemusikklag og Kvinnherad Trekkspelklubb medverkar. 
 
Heile programmet for Folkemusikkveka 2012 finn du på denne lenka hos Kvinnherad kommune. Kvinnherad Folkemusikklag har og eigne nettsider, som du kan sjå her: www.kvinnheradfolkemusikklag.com.