Fyrstkomande sundag vert folkemusikkmessa frå Hardanger framført for fyrste gong. Ullensvang kyrkje ved kantor Inger Elisabeth Aarvik står bak prosjektet, og til komponist har dei valgt Rannveig Djønne. Ni musikarar og mange korsongaar skal framføre messa for mellom anna biskop Halvor Nordhaug.

Ullensvang kyrkje engasjerte i vår Rannveig Djønne til å skriva ny gudstenestemusikk i folkemusikkstil. "Gloria" har til dømes vorte ein rudl og "Sanctus" ein vals. Ullensvang kyrkje skriv sjølv at dei valgte Djønne som komponist ut i frå hennar evne til å skriva vakkert, melodiøst og sangbart.

Rannveig Djønne har markert seg som musikar og komponist dei siste åra, ikkje minst gjennom prosjektet ”Spelferd heim - slåttar frå Hardanger og Voiss på durspel”, som vart utgjeven på CD for eit par år sidan. Sundag 22. mai er det visitasgudsteneste i Ullensvang kyrkje. Der vil ein for fyrste gong ta i bruk den nye gudstenestemusikken til Rannveig Djønne.

Mange musikarar tek del i urframsyninga av verket:  

  • Hardingfele: Aurora Aarhus Opheim, Eirin Tjoflot, Trond Steine og Knut Hamre
  • Toradar/trekkspel: Rannveig Djønne og Anita Bråvoll
  • Fløyte: Silje Hveem
  • Trompet: Torbjørn Dagestad
  • Orgel og piano: Inger Elisabeth Aarvik

Songarar frå Chorus 80 er forsongarar, og også Ullensvang Jentekor, Gutekor og Ungdomskor tek del.

Prosjektet "Folkemusikkmesse frå Hardanger" er støtta av Norsk kulturråd, Hardanger kulturråd og Opplysningsvesenets Fond. Rannveig Djønne er fødd i 1974, spelar toradar og er utdanna frå Ole Bull Akademiet på Voss. Seinare i sommar skal ho m.a. spele i Nederland, før ho tek turen til USA med Knut Hamre.

Rannveig Djønne, 2011 (foto: Per Finne)
Interesserte finn MySpace-sida til Rannveig Djønne her. Du kan og lese meir om hendinga denne sundagen via denne linken.