Det er Valdresmusea.no sjølv som melder dette.
- I utstillinga spør vi kvifor folkemusikk og folkedans vart viktig i okkupasjonsmaktene sitt propagandaprogram under 2. verdskrigen, heiter det.
Ustillinga skal også sjå på kva konsekvensar dette fekk for den einskilde folkemusikar og -dansar, under og etter krigen. Vart banda til sentrale kjelder brote? Gjekk viktige tradisjonsliner og mykje brukt tradisjonsmusikk i gløymeboka? Korleis vart liva for dei som valde feil?
- Valdresmusea ser det som ei viktig oppgåve å spegle breidde, mangfald og kompleksitet av Valdressamfunnet. I folkemusikk- og folkedansrørsla har det nemnte teamet vore lite omtala, ikkje før Bladet Folkemusikk skreiv om det i ein artikkel i 2009, heiter det.
Merksemda har i følge Valdresmusea vore "den offisielle folkemusikkrørsla og majoritetskulturen til del, ikkje til dei som av ulike grunnar valde side med okkupasjonsmaktene".
Utstillinga skal etter planen opna i juni i 2012. Den vert til i samarbeid med Holocaustsenteret i Oslo, Bladet Folkemusikk, Valdres folkemusikklag og mastergradsstudent Bjørnar Blaavarp Heimdal.
Velour DA vil dessutan bistå med foto og grafisk design.
Interesserte kan lese meir om Valdresmusea på denne lenka. Valdres Folkemusikklag har denne sida på verdsveven. Saka er óg omtald i Avisa Valdres i dag.