Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kvarts og KORK

Folkemusikk i symfoni

Kvarts og KORK - Folkemusikk i symfoni (NRK, 2009)

Kvarts og KORK - Folkemusikk i symfoni (NRK, 2009)

Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna vunne to Spellemannprisar.

Kvarts har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede, har gruppa fått eit stort publikum. Kringkastingsorkesteret (KORK) og folkemusikkgruppa Kvarts spelte saman på Ål kulturhus i 2007. To år etter kom plata i samband med Den Norske Folkemusikkveka på Ål.

Plata inneheld liveopptak frå dei to fullsette konsertane i Ål kulturhus, og har fått namnet "Folkemusikk i symfoni". I tillegg til Kvarts og KORK medverkar solistane Birger Mistereggen, Berit Opheim Versto og Sondre Bratland. Dirigent er Hans Ek. Med 64 lydspor å konsentrere seg om har Kvartsmedlem Jo Asgeir Lie og lydteknikar Tor Magne Hallibakken jobba med miksinga av plata sidan januar.

Hallibakken er også produsent på plata, saman med Kvarts, som er ei av dei mest etablerte og leiande folkemusikkgruppene i landet.  Kvarts består av Kvarts består av:Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein Rudi (fele, hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass, gitar, torader, seljefløyte, munnharpe) og Erlend Styve (gitarar). 

"Folk i symfoni" fikk god mottagelse i Spelemannsbladet, der Vegar Vårdal bl.a. skrev: "Dette er er enorm satsing som Kvarts og Folkemusikkdagane i Ål kan være kry av."
 


| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk