Eit år på folkedanslinja inneheld mykje dansing, fine studieturar og gode vener, seier den nytilsette hovudlæraren i dans, Halldis Folkedal. – Ein får sjansen til å fordjupa seg og me ser at mange av dei som utdannar seg vidare i dag, tidlegare har gått på Manger, seier Halldis. I tillegg er det nokre som får sitt fyrste møte med folkedans på linja, og det synest me er spennande, held ho fram.

I tillegg til faste lærarar, der Halldis Folkedal, Birgitte Rørvik Bruun og Magne Kleiveland underviser, er det kvart år innom gjestelærarar som sikrar at linja får eit breitt fagleg grunnlag.

Dersom du kunne tenkt deg eit år på folkedanslinja er det ikkje for seint å søkja. – Me tek inn elevar så lenge det er ledige plassar, det er med andre ord berre å hiva seg rundt, seier Geir Rydland.

 

FAKTA OM FOLKEDANSLINJA PÅ MANGER FOLKEHØGSKULE

  • Manger folkehøgskule er den einaste folkehøgskulen i landet som tilbyr norsk folkedans som eige linjefag. Folkedanslinja hadde oppstart i 2005.
  • Manger folkehøgskule ligg i Radøy kommune ( utanfor Bergen) og tilbyr linjene musikkproduksjon, band, vokal, brassband og ocean extreme, i tillegg til folkedans.


For meir informasjon om folkedanslinja kan ein gå inn på heimesidene http://www.manger.fhs.no/  eller kontakte ein av desse:

Rektor Geir Rydland, e-post: geir.rydland@post.hfk.no, tlf: 414 58 767 
Linjeansvarleg Halldis Folkedal, e-post: halldis@nynorsk.no, tlf: 913 70 852