Mange kjende namn innanfor norsk folkemusikk opptrer på festivalen, og Lajla Renate Buer Storli er saman med John Ole Morken årets festivalmusikarar. Buer Storli har holdt konsertar i Noreg, USA, Tyskland og Italia, medan Morken vart nominert til Spellemannsprisen for si første soloplate i fjor. Dei får også med seg Kim André Rysstad, som fekk pris for årets soloalbum under Norwegian Folk Music Awards i 2008.

Kvarts, som er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg som mellom anna kan skilte med to Spelemannsprisar, skal også opptre, i tillegg til fant&fente, Galder og Fylkesmusikarane i Hordaland (FHYND) med Einar Mjølsnes og Frank Henrik Rolland. På programmet står også mellom anna breakdancekurs, den vidgjetne framsyningskappleiken og ei framsyning av Bygda dansar, eit folkedansprosjekt for ungdom som gjennomfører opplæring i lokal dansetradisjon og bruk av folkedans på scena.

Folkedansfestivalen er ein arvtakar etter Noregs Ungdomslags tidligerare Folkekulturfestival og Landsstemne, og er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og Bergen Ungdomslag Ervingen.

Les meir om artistar og program på www.folkedansfestivalen.no.