I løpet av dei siste 20 åra har interessa for folkedansen svinga frå høgt til lågt – og til nye høgder. Føresetnadane for å drive folkedans er ikkje dei same som før. Folk shoppar kulturaktivitetar på impuls: Folkedans ein dag, grønlandsk perlebrodering ein annan. Nokre av dei gamle folkedansane opplever stor popularitet og ein positiv vekst, ikkje minst på dei store festivalane. I dei mindre lokallaga slit ein derimot med rekruttering og danselyst resten av året. Verre stilt er det for gamaldansen. Færre og færre dansar. Vi spør:
Kor står folkedansen i dag, og kor står han om 20 år? Kva skal folkemusikkmiljøet, organisasjonane og institusjonane gjera for å styrke og byggje folkedansen inn i framtida? Kva rolle spelar folkemusikk- og folkedansfestivalane i dette arbeidet?
Dei som sit i panelet og skal svara for seg er Mari Skeie Ljones (styremedlem i FolkOrg), Ingar Ranheim (konservator med fokus på folkedans), Frode Rolandsgard (med i utvalet for Folkedansrapporten) og Martin Myhr (utøvar).
Debattleiar er redaktør i bladet Folkemusikk, Knut Aastad Bråten.
TID OG STAD: NORD-AURDAL FOLKEBIBLIOTEK // FREDAG 27. JUNI, KL. 12.00.