Noregs einaste festival over tregrensa, Haukeliseterfestivalen, kan i år freiste med konsertar frå Rogaland, Telemark, Hardanger, Setesdal, Shetland/Skottland og Sverige og også i år er artistane plukka frå øverste hylle!

Folkemusikkartistar frå regionane rundt Haukeliseter kjem, i tillegg kjem det som vanleg gjester frå naboland i vest og aust. Ein variert og spanande kursmeny bør kunne lokke både utøvarar og publikum til fjells. Den kjende kvedaren Kirsten Bråten Berg held kurs i folkesong, ho held òg konsert i lag med dottera Sigrid Berg. Kurs blir i hardingfele blir det med Ottar Kåsa, Nils Økland, Catriona Macdonald og Siri Dyvik.

Rogaland har i år sin eigen konsert: «Land of the Rygir », der ein kan møte Nils Økland, Geitungen, Earlybird Stringband, Åshild Vetrhus, Inger Bråtveit, Siri Dyvik, Erling Berstad m.fl. Den svenske superduoen Hazelius/Hedin vart kåra til årets gruppe under folk- og verdsmusikkgallaen i Malmø i mars 2012. Dei skal ha eigen konsert på festivalen, og på veg opp skal dei ha konsertar i Hemsedal og på Utne i Hardanger. Frå Shetland og Skottland kjem gruppa Vamm med noregsvennen Catriona Macdonald i spissen. Bluegrasgruppa Earlybird Stringband spelar opp til fest og dans laurdag kveld. Og dei kan skilte med at dei er Nord-Europas beste i sin sjanger! Dei spelar òg i Suldal i førekant. Årets vestlendingar er Benedicte Maurseth og Gabriel Fliflet, dei presenterer ein konsert med spenst og ettertanke! Begge er flotte formidlarar og Vestlandet er med dei godt representert under årets festival.

Dans vert det kvar kveld, og dersom du ikkje har dansa så mykje folkedans før, er det mulig å melde seg på Folkedans for dummies fredagen. Då er det stor sjanse for at du hiv deg med i dansen om kvelden også. Det er fantastisk med konsertar på fjellet. Naturen har opp gjennom tidene vore ei stor inspirasjonskjelde for spelemenn og mange musikarar i dag let seg lokke av alt det vakre som er der ute. Haukelister har muligheiter til å kombinere fjell, musikk og mat, noko som er med på å skape glede, ro og varme.

Landskappleikvinnarar på turné
Ottar Kåsa vann kongepokal i hardingfele klasse A under Landskappleiken i fjor, og Unni Boksasp tok fyrsteplass i vokal A i Seljord i fjor. I samarbeid med Folkeakademiet i Telemark reiser dei ut på ein liten turne i førekant av festivalen. Dei spelar i Seljord (5.6), Vinje (6.6), Rauland (8.6) og Nesflaten i Suldal (10.6).

Haukeliseterfestivalen har eigen heimeside og facebookside