Mest forventning er det knytt til dei keltiske tradisjonsmusikarane Boys of the Lough.

- I år er det uvanleg høg kvalitet på artistane. Dei kjem frå USA, Skottland, Irland, Shetland, Ungarn, Finland og Sverige. Boys of the Lough har halde på sidan 1967 og er blitt eit ikon for keltisk musikk. Bruce Molsky er kanskje vår tids mest kjende representant for amerikansk ”Old Time Music”, fortel fyrstelektor i folkemusikk, Frode Nyvold.

All hjelper til

På tredje året arrangerer dei tilsette ved Institutt for folkekultur Rauland internasjonale vinterfestival. Omtrent alle tilsette er involverte i arrangementet, anten som kurshaldarar, artistar eller med sjølve arrangementet.

Studentane har som tidlegare ansvar for Vinterkappleiken, som i år er lagt til laurdagen. Her skal det konkurrerast i fele/hardingfele, vokal, tradisjonsmusikk på andre instrument (solo), dans og open klasse. Påmelding skjer ved å møte opp på Kappleiksdagen.


Fruktbart irsk samarbeid

Nyleg skreiv Høgskolen i Telemark under ein samarbeidsavtale med Dundalk Institute of Technology (DkIT) i Irland. Den irske utdanningsinstitusjonen skal i gang med ein master i tradisjonsmusikk frå hausten av, og ønskjer hjelp til kurs i norsk og nordisk tradisjonsmusikk. Det skal Institutt for folkekultur på Rauland medverke til.

Som eit resultat kjem to irske artistar til vinterfestivalen, Gerry O'Connor og Fintan Vallely. O'Connor underviser ved DkIT og skal halde kurs på søndagen og delta på konsert på laurdagen saman med Vallely som er ein kjend forskar i irsk tradisjonsmusikk.

- Laurdagskvelden blir det stor konsert med alle artistane. Arrangementet er ope for alle og vi håpar jo at flest mogeleg har lyst til å kome på festivalen vår. Studentar og tilsette er sjølvsagt hjarteleg velkomne, avsluttar Nyvold.
 

Artister på årets festival

Boys of the Lough, Richard Burgess, Siri Dyvik, Ånon Egeland, Kevin Henderson, András Jánosi, Tamás Kiss, Arto Järvelä, Tellef Kvifte, Cathal McConnell, Bruce Molsky, Garry O'Briain, Gerry O'Connor, Dave Richardson, Olav Christer Rossebø, Daniel Sandén-Warg, Karl Seglem, Leiv Solberg, Fintan Vallely, Berit Opheim Versto, Erlend Viken